Meiner Harastølen har vore ei feilinvestering

Styreleiar i Harastølen, og administrerande direktør i Tinfos, Tor Syverud, innrømmer at Harastølen har vore ei dårleg investering for selskapet, både når det gjeld økonomi og omdømme.

Forfall på Harastølen

FORFELL: Bygningsmassen på Harastølen, som ligg høgt oppe i fjellsida med utsikt mot Lustrafjorden, fortel sakte men sikkert.

Foto: Raymond Lidal

– Ja, det kan du for så vidt seie. Vi har iallfall brukt mykje ressursar for å gjere opp

gjeld etter dei førre eigarane, og på å finne interesserte som kunne ta vare på eigedomsmassen, og vi kom veldig langt fram til finanskrisa. Men det har vore ei dårleg investering med tanke på økonomi og omdømme, og den type ting, seier Syverud.

Han legg til at Tinfos framleis har tru på at kraftprosjektet som dei planlegg, skal lukkast. Det er no til utgreiing hjå NVE.

Vil ikkje seie kor mykje

Men nøyaktig kor mykje pengar Tinfos har brukt på Harastølen, vil ikkje Syverud seie noko om.

– Nei, det vil eg ikkje gå ut med. Men det er klart at vi har måtte rydde opp i mange økonomiske ting etter at vi kom inn, så eg trur det er mange i nærområdet som var glade for at det kom nokon inn som gjorde opp for seg. Det har ikkje alltid vore tilfelle, seier Syverud.

Den digre bygningsmassen inst i Luster vart opphavleg brukt som sanatorium for tuberkulosesjuke. Sidan har bygget vorte nytta til mellom anna psykiatrisk sjukeheim og asylmottak.

I august kom beskjeden om at ekteparet Barbro og Morten Solem ville flytte frå Lofoten til Harastølen for å ruste opp det gamle sanatoriet, og bruke det til eit helsesportsenter for born og unge.

Ting har teke tid

Men prosessen har drege ut i tid.

Ifølgje Tinfos har dei og Luster kommune bedd ekteparet om dokumentasjon som dei ønskjer på plass før ei avtale vert signert. Men det har så langt ikkje skjedd.

– Saka står der ho har stått siste månaden. Vi som eig bygningsmassen har bedd om noko dokumentasjon som vi vil sjå før vi inngår ei avtale. Den dokumentasjonen er ikkje på plass, og kjem ikkje den på plass, så vert det ingen avtale, seier Syverud.

Ekteparet har tidlegare fått to veker på seg til å framleggje dokumentasjon, men dette er snart ein månad sidan.

– Den fristen har gått litt lenger, men vi må hugse dette er ei trepartsavtale. Også Luster kommune har eit ord med i laget. Grunnen til at vi ønskjer å få dette på plass, er at alternativet er å setje i gang riving, seier Syverud.

Vil legge fram dokumentasjon

Ekteparet Barbro og Morten Solem som står klare til å overta Harastølen, seier dei er hyppig i kontakt med Tinfos.

– Vi har allreie gjeve Tinfos deler av den dokumentasjonen dei har ønskt. Men det er ein del dokumentasjon vi ventar på frå andre instansar og det tar tid. Så det er ikkje vi som held att, men andre, seier Morten Solem.

Han understrekar at dei vil legge fram all dokumentasjon Tinfos ber om. Sjølve overtaktinga har også tatt tid, i møte med eit stort byråkrati og papirvelde av avtaler. Han seier dei også vil få på plass ei avtale om overtaking så snart som råd.

– Det er ikkje sett nokon dato for når all dokumentasjon må vere på plass, men gjerne så snart om mogeleg. Den siste brikken er ikkje på plass enno, men den kjem.

(Artikkelen held fram under videoen)

Dei vil rive Harastølen, men ikkje alle er einige om det.

FORFELL: Tida har sett sitt preg på Harastølen.

Må skje raskt før vinteren

Tor Syverud i Tinfos vil ikkje seie noko om når dei set ein endeleg frist for å levere dokumentasjonen dei krev.

– Paret har eigentleg ikkje fått noko forlenga frist, men dei seier at dei jobbar med å få dette på plass. Så får vi sjå om dei får det til eller ikkje, seier Syverud.

– Men når vil ein ta ei endeleg avgjerd om det blir eit sal eller ikkje?

– Det er ei avgjerd som Luster kommune må vere med på. Men får vi ikkje dette på plass relativt raskt før vinteren, så reknar eg med at vi kjem til å måtte seie at det ikkje blir noko, seier Syverud.

– Kven har siste ordet?

– Det er for så vidt begge to. Korkje Luster kommune eller Tinfos ønskjer å inngå nokon avtale før dokumentasjonen er på plass, seier Syverud.

Mykje negativ publisitet

Fire personar, som ikkje har noko med ekteparet som ønskjer å kjøpe Harastølen å gjere, har i lengre tid hatt løyve til å opphalde seg på Harastølen, og har også utført mindre vedlikehald på bygningsmassen.

Tysdag gjennomførte politiet ein væpna politiaksjon på Harastølen, då dei hadde mistanke om ulovleg oppbevaring av våpen og tjuvegods. Våpen fann dei ikkje, men dei fann både tjuvegods og ei mindre mengd narkotika.

– Den type publisitet er alltid negativt, og vi veit jo veldig lite om kva som skjedde der oppe, anna enn at dei fire som bur der, og som har hatt løyve til det, vart tekne med til lensmannskontoret og avhøyrde. Dei er no sleppte fri, seier Syverud.

– Tenkjer Tinfos på å inndra det løyvet dei har til å bu der?

– Vi kjem ikkje til å la nokon bu der dersom dei driv med noko kriminelt. Kjem det på rettskraftig vis at dei driv med noko kriminelt, så får dei ikkje bu der. Men vi ventar med å dra den konklusjonen til politiet har komme lenger i arbeidet sitt, seier Syverud.

Avventar stadfesting frå politiet

– Burde de vore strengare på kven de let ha tilgang til Harastølen?

– Vi har ikkje fått stadfesta nokon av dei tinga frå politiet, då dei har tausheitsplikt. Men får vi dokumentert noko som er kriminelt, så er det brot på dei føresetnadene vi har for bruk av bygningsmassen der oppe, seier Syverud.

Dersom planen om som ekteparet Solem har om å kjøpe staden, fell i fisk, kan riving av Harastølen skje relativt raskt.

– Då går vi tilbake til den planprosessen som er naudsynt for å få i gang ei riving. Ein lagar ein reguleringsplan for området som vil danne malen for korleis området vil sjå ut etter riving. Når den er vedteken, kan ein starte arbeidet. Om det vert sommaren 2014 eller 2015, veit eg ikkje, seier Syverud.