Rettssaka mellom gruveselskap kan utsette gruvedrift i Førdefjorden med fleire år

Eitt gruveselskap saksøkjer eit anna for å avgjere kven som skal få lov til å drive gruvedrift på Engebøfjellet i Førdefjorden. Rettsprosessen kan utsetje det omstridde gruveprosjektet med fleire år.

Aksjonerer

KAN BLI UTSETT: Gruveprosjektet på Engebøfjellet kan bli utsett etter rettssaka mellom dei to gruveselskapa

– Vi stiller oss litt uforståande til dette søksmålet, vi har fått driftsløyve og utvinningstillatelse etter minerallova, og forheld oss til det, seier administrerande direktør Ivar Fossum i Nordic Mining.

I juni 2020 fekk selskapet driftsløyve til å drive gruvedrift i Engebøfjellet, etter fleire år med politisk motstand og aksjonar frå miljøvernarar.

Den neste jobben etter driftsløyvet har vore å skaffe finansiering, det kostar nemleg store summar å kome i gang med gruvedrift.

Og no har ei ny utfordring dukka opp.

Flyttar striden til rettssalen

Selskapet Arctic Mineral Resources (AMR) kom på bana i 2018, med lovnader om at dei kan drive gruvedrift på Engebøfjellet utan det omstridde fjorddeponiet der avfall frå gruva skal bli lagra i fjorden.

AMR vil drive på andre sida av fjellet, og meiner at dei kan drive på side om side med Nordic Mining.

Men det er ikkje Nordic Mining samde i, og tvisten om kven som har rett til å vinne ut granat og rutil frå Engebøfjellet har til no lege hos Næringsdepartementet.

No vel altså AMR å flytte striden til rettssalen ved å saksøkje Nordic Mining. Og det kan utsetje heile prosessen med fleire år.

– Vi trur nok ikkje det blir mogleg for korkje oss eller Nordic Mining å skaffe seg naudsynt kapital så lenge denne rettssaka går føre seg, seier styreleiar i AMR Arnhold Rørholdt.

Natur og ungdom på Engebøfjellet

OMSTRIDD: Gruveprosjektet på Engebøfjellet har vore omstridd, her frå då aksjonistar frå Natur og Ungdom lenka seg fast under prøveboringa.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Nordic Mining trygg på at dei vil vinne

Med handsaming i Oslo tingrett om eit års tid, og etterfølgjande anke, kan det bety at det ikkje blir avklart kva som skjer på Engebøfjellet før i alle fall om to år.

Men Ivar Fossum og Nordic Mining vil ikkje gå med på at søksmålet er noko stor festbrems.

– Vi steller oss til det driftsløyvet vi har fått, og jobbar framover med å hente investering og å utarbeide eit moglegheitsstudie. Vi er trygge på at lovverket i Noreg er føreseieleg, og at driftsløyvet vi har fått framleis er gjeldande, seier Fossum.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med næringsdepartementet, som for tida handsamar ei klage frå AMR om Nordic Mining sin bruk av visse eigedommar på Engebøfjellet

Ivar Fossum i Nordic Mining

TRYGG PÅ SI SAK: Ivar Fossum og Nordic Mining trur ikkje det er sjanse for at dei taper rettssaka mot AMR.

Foto: Oddmund Haugen / NRK