Hopp til innhold

Facebook kuttar innsamlings­aksjonar: – Har stått for opptil 20 prosent av inntektene

Frå 1. juli er det ikkje lenger mogleg å samle inn pengar til velgjerande formål på Facebook. Humanitære organisasjonar håpar folk vil finne andre måtar å gje pengar på.

Sebastian Ketema-Schwalbach, fungerande dagleg leiar i stiftelsen Robin Hood huset.

GIR UT GRATIS MAT: På Robin Hood huset i Bergen har Facebook-donasjonar har kome godt med siste åra.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

– I fjor fekk vi omtrent 30 000 kroner gjennom innsamlingsaksjonar på Facebook, som er eit ganske stort bidrag. Så vi setter enormt stor pris på det. Det gjorde faktisk ein forskjell, fortel fungerande dagleg leiar på Robin Hood-huset i Bergen, Sebastian Schwalbach.

Donasjonar frå innsamlingar på Facebook stod for 9 prosent av alle private donasjonar til stiftinga, som hjelper økonomisk vanskelegstilte og nettverkssøkande i Bergen.

Men frå månadsskiftet er det slutt på denne ekstra inntekta gjennom Facebook.

Innsamlingsaksjon på Facebook

Slike innsamlingsaksjonar er ikkje lenger å sjå etter 1. juli i år.

– Eit kjærkome bidrag

Meta kunngjorde nyheita i slutten av april. Funksjonen har vore til glede for mange humanitære organisasjonar sidan den først kom i 2016. Dei første åra var det spesielt populært og mange organisasjonar tok imot fleire millionar kroner.

Heile funksjonen for pengeinnsamling gjennom Facebook sine løysingar forsvinn i Noreg og resten av EØS.

Det betyr at verken organisasjonane sjølve, eller brukarane, kan opprette innsamlingsaksjonar eller donere til humanitære organisasjonar lenger.

For stiftelsen Robin Hood-huset har det vore eit kjærkome bidrag.

– Vi har sett at personar kan donere lett dersom det er ein bursdag. Så det var eit tillegg for oss, som sjølvsagt har bidrege ganske mykje, seier Schwalbach.

Frivillege i aksjon på Stiftelsen Robin Hood huset

På Robin Hood huset er det nærmare 100 frivillige i aksjon.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Opptil 20 prosent av inntektene for nokre

Maren Lier er seniorrådgjevar i B.bold, eit rådgjevnadsnettverk for humanitære organisasjonar. På kontoret deira var stemninga spent då dei først fekk nyheita.

Då vi fekk e-posten den ettermiddagen, så var det jo først eit lite sjokk. Vi har mistenkt at noko kom til å skje. Men at det no plutseleg skjedde med ein så kort frist, det var overraskande.

Maren Lier, seniorrådgjevar i b.bold.

– Nordmenn er supersjenerøse, seier Maren Lier. Ho trur folk vil finne andre måtar å gi på.

Foto: Pixel & Co

Det er litt mindre populært å donere på Facebook no enn for nokre år sidan. Men mange organisasjonar får framleis mellom ein til 20 prosent av donasjonane sine frå det sosiale mediet, fortel Lier.

– Då er det klart at dette har drastiske konsekvensar.

Sjølv om denne endringa kan vere alvorleg for enkelte organisasjonar, så er det mindre alvorleg for dei fleste.

Lier påpeikar at det alltid er endringar i det digitale landskapet, og at organisasjonane kjem til å tilpasse seg.

Trine Beate Nicolaysen, generalsekretær i Barnekreftforeininga
Barnekreftforeininga

Barnekreftforeininga

Mottok 2,2 millionar kroner frå innsamlingsaksjonar på Facebook i fjor.

"Vi synest det er synd, fordi det var ein enkel måte å gi eit bidrag til si hjertesak. For oss som organisasjon var det ekstremt kostnadseffektivt. I tillegg til kroner og ører, skapte bursdagsinnsamlingane engasjement blant givarane."

– Trine Beate Nicolaysen, generalsekretær

Grete Lise Christiansen, marknads- og innsamlingssjef i Leger uten grenser
Leger Uten Grenser

Leger Uten Grenser

"Det har ingen påverknad på oss.

For nokre år sidan la Meta fram ei ny avtale med sterke avgrensingar for kva land Leger uten grenser kunne samle inn pengar til. Land på USA si sanksjonsliste måtte vekk. Då valde vi å ikkje la Facebook sette føringane.

Vi mista funksjonen over natta, som var veldig synd, då vi hadde stor suksess med Facebook."

– Grete Lise Christiansen, marknads- og innsamlingssjef

Marianne Grøthe Lund, leiar for fundraising i Sjukehusklovnane

Sjukehusklovnane

Sjukehusklovnane fekk 1,1 mill frå innsamlingsaksjonar på Facebook i fjor.

"Det er absolutt kritisk for oss. 1,1 millionar er mykje pengar for oss.

Nyheita kom brått på, med kort varsel. Det viser igjen kor mykje makt denne typen kanalar har, som kan legge ned slike tenester med eit par månadar frist."

– Marianne Grøthe Lund, leiar for fundraising i Sjukehusklovnane.

Håpar på givargleda i andre kanalar

Ketema-Schwalbach i Robin Hood huset seier at dei har stått i verre kriser enn dette før, og trur givargleda vil finne vegen gjennom andre kanalar.

– Eg håpar at viljen til å gi eit bidrag og gjer ein skilnad er større enn den funksjonen som snart ikkje lenger finnast på Facebook.

Dei arbeider med å gjere det enklare å donere gjennom nettsidene og ser på andre donasjonsløysingar.

Det finnast jo alternativ, som til dømes Vipps eller Spleis. Men det er kanskje ikkje like lettvint, og vi veit også at dei tek ein del ekstra gebyr. Så det er vi jo litt kritiske til.

Frivilleg serverar graut på Stiftelsen Robin Hood huset

I tillegg til gratis måltid, kan besøkande få norskopplæring og rådgiving i vanskelege situasjonar.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Har du donert pengar via Facebook?

Uvisst kvifor funksjonen forsvinn

Meta har ikkje svart NRK på kvifor dei legger ned funksjonane for innsamlingsaksjonar frå 1. juli.

Trine Smedbold, juridisk seniorrådgjevar i Datatilsynet, har heller ikkje fasiten, men seier at personvern kan vere delar av grunnen.

– Det kan hende at det handlar om personvern, utan at Meta sjølv har sagt det høgt. Så det blir berre spekulasjonar.

Lier i B.bold har heller ikkje det endelege svaret, men sei at det kan handle om komplikasjonar rundt betalingsløysingane eller at innsamlingsaksjonar ikkje lenger er eit lønnsamt produkt for Meta.