Hopp til innhold

Innfører totalforbod mot open eld

Brannvesenet i Sogn har frå torsdag av innført totalforbod mot open eld og grilling i fleire kommunar.

Brann under snøen

MYKJE AV DETTE: Til og med under snøen kan gras og lyng vere så tørt at det tek fyr, her frå Høyanger i mars då ei hytte ei stund var truga av flammane. Dette vil brannvesenet i Sogn no unngå ved å leggje ned totalforbod mot open eld.

Foto: Lars Jonas Pedersen

Årsaka til eldforbodet i kommunane Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Luster er tørt gras som tidlegare har teke fyr gjentekne gonger både i Sogn og andre stader.

I mars månad var det registrert heile 24 gras-, lyng- og skogbrannar. I same månad i fjor var det berre registrert éin slik brann. No vil brannvesenet i Sogn unngå at fleire slike brannar oppstår, og har difor lagt ned totalforbod mot open eld frå torsdag av.

– Vi vil ikkje ha slike situasjonar som det har vore i Hordaland og Rogaland dei siste vekene med mykje gras- og lyngbrannar. Vi har også registrert at det på kysten også har vore ein del brannar. No er det slik at det er frykteleg tørt. Vi har også hatt ein lokal grasbrann her i Sogndal, så no handlar det om å vere førebyggande, seier varabrannsjef i Sogn brann og redning IKS, Vidar Trettenes.

Kan bli forbode fram til hausten

Han meiner det tørre graset gjer det ekstra viktig å vere føre var.

– Det generelle bålforbodet som gjeld frå 15. april til 15. september er ikkje begynt endå, og no må vi vere litt i forkjøpet før det kjem ei større regnskur som kan gjere at vi opphevar forbodet.

Det kan faktisk bety at det ikkje vert lovleg med bruk av open eld i dei fem kommunane før i september, dersom ikkje regnet kjem før 15. april.

– I teorien er det slik, og når snøen er smelta i tillegg, så vil det også vere utfordringar der dersom det held fram med tørt og fint vêr. Vi må også ta omsyn til det generelle skogbrannvarselet, seier Trettenes.

Kan søkje om enkeltløyve

Trass i totalforbodet er det likevel mogleg å få enkeltløyve. Spørsmål om dette må meldast inn til vakthavande same dag på telefon 482 96 929. Ifølgje Trettenes er det store lokale forskjellar, noko som vil vere avgjerande for om ein får løyve eller ikkje.

– Det er veldig lokale forskjellar, det kan vere heilt greitt ein plass, og ugreitt ein annan stad sjølv om det er i same kommunen. Der det er snø overalt, som på Hafslo, så vil overordna vakt sannsynlegvis gi løyve, men ein person på Leikanger vil truleg få nei.

– Vert det ofte innført totalforbod?

– Det er nok litt spesielle forhold. Det er jo framleis ein del snø, men det har vore tørt lenge, og vi hadde jo ei sak ute i Høyanger ved ei hytte der det brann under snøen, så vi vil rett og slett vere litt førebyggande her, seier Trettenes.