Hopp til innhold

Den tørraste vestlandsvinteren sidan 1964

Dei siste vintermånadene har vore ekstremt tørre på Vestlandet. Til dømes fekk innbyggjarane i Takle, Noregs våtaste bygd, berre ein fjerdedel av nedbørskvoten sin for mars månad.

Tørt i Førde

TØRT: Kulde og mangel på nedbør gjer at bakken er tørr til trass for snø. Biletet er teke frå Vie mot Førde sentrum.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Mot helga er det mykje tørt vêr og sol, men så blir det meir lågtrykksaktivitet framover, seier Kjersti Opstad Strand, vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Den tørre starten på 2013 vil dermed halde fram ei knapp veke til.

– Allereie i morgon vil det kome enkelte snøbyer nord i Sogn og Fjordane, men elles vert det meir pent vêr i indre strok, melder ho.

Halvparten av normalen

I løpet av dei første tre månadene av 2013 regna det halvparten av det som er normalt.

Til dømes har Stavanger hatt godt under halvparten av den normale nedbørsmengda på 254 millimeter i løpet av perioden, med berre 110 millimeter. Regnbyen Bergen har også hatt det usedvanleg tørt. Der har det regna 248 mm mot normalen på 412 mm.

Ein må tilbake til 1964 for å finne tilsvarande tal for vestlandsfylka.

Tredje tørraste sidan 1950

Høgtrykket over Vestlandet har også gitt mange solskinsdagar i Sogn og Fjordane. Førde har blant anna hatt sin tørraste månad i mars sidan målingane starta i 1992. Det har regna til saman 323 mm på tre månader i Førde, medan det ifølgje normalen burde ha vore 220 mm meir.

Normalen vert rekna ut frå gjennomsnittet av ein 30-årsperiode (1960 til 1990).

(Artikkelen held fram under biletet)

Kjersti Opstad Strand

MELDER SNØBYER: Statsmeteorolog Kjersti Opstad Strand seier det vil bli tørt framover, til trass for enkelte snøbyer.

Foto: Privat

– Dersom ein ser på Sogn og Fjordane, så er historisk sett Takle ein bra stasjon å sjå på fordi tidsserien går attende til 1950. 2013 hadde totalt 413 millimeter på desse månadene. Det er nok det tredje tørraste for denne perioden sidan 1950, seier meteorologen.

I mars månad fall det berre 64 mmm nedbør i Takle. Det er ein fjerdedel av normalen for området.

Fleire solskinsdagar

Har vi brukt opp finvêrskvoten for året?

– Reint statistisk sett har vi nok ikkje så mange finvêrsdagar sett gjennom året her på Vestlandet. Samstundes kan ein aldri seie om vêret at ein har brukt det opp, hevdar Strand.

– Det har vore ein tendens at dersom det er meir sol enn normalt, så er det gjerne i vintermånadene at det vert ei lita skeivfordeling. Så det er nok gode moglegheiter for mykje sol til sommaren og, forsikrar ho.

Fare for brann

Sol og blå himmel over tid er ikkje berre positivt. Tørkeperioden har før til mange brannar omkring, spesielt i Rogaland og Hordaland der det har vore mindre snø enn i Sogn og Fjordane. I følgje Strand er brannfaren framleis høg.

– Sjølv om det kjem snøbyer no, så er det ikkje av betyding for bakken fordi det tørkar så fort opp att, forklarar Strand.

Meteorologen oppmodar folk om å vere påpasselege til det kjem nedbør som væter bakken i tilstrekkeleg grad.