Hopp til innhold

Mister du kontroll på brannen kan du i verste fall hamne i fengsel

Både store og mindre bøter, og i verste fall fengsel, kan bli straffa for folk som mister kontrollen på bråtebrannar.

Bråtebrann i Vågsøy

UTE AV KONTROLL: Ein bonde i Vågsøy er allereie bøtelagd med 7000 kroner etter at to bråtebrannar kom ut av kontroll. Ein slik episode kan i verste fall føre til fengselsstraff.

Foto: Bjarne Eldevik

Det har vore rekordmange bråtebrannar i Sogn og Fjordane i mars månad i år. Tal frå Alarmsentralen viser at det har vore 24 brannar, nesten ein kvar dag i snitt.

Fleire har allereie blitt politimelde, og ein bonde i Vågsøy har fått ei bot på 7000 kroner etter at to bråtebrannar kom ut av kontroll. Ifølgje politiet kan slike episodar også straffast strengare.

– Straffa kan variere frå mindre bøter til store bøter, og fengselsstraff, seier Katrine Trøndsdal som er politifullmektig ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ber folk vere forsiktige

Tala dagleg leiar Terje Brandsøy ved Alarmsentralen har plukka fram går tilbake til 2001.

Då var det 22 gras- lyng og skogbrannar i mars månad, men i åra etter har talet vore vesentleg lågare. I fjor var det berre ein slik brann i mars, og det i 2010 og 2011 ikkje var ein einaste slik brann i mars månad.

Tala for 2013 er derimot i ein heilt annan ende av skalaen. Over heile fylket har brannvesenet måtte rykkje ut til bråtebrannar ute av kontroll.

Utrykkingane fordeler seg på sju i Askvoll, tre i Selje, Bremanger, Høyanger, Aurland og Vågsøy har alle to, medan det i Sogndal, Lærdal, Hyllestad, Gloppen, Gaular og Førde har vore ei utrykking i kvar kommune per 26. mars.

Til alt hell har det til no ikkje blitt skader på personar eller busetnad.

– Bråtebrenning er godt for vegetasjonen. Men folk må vere hundre prosent sikre på at dei veit kva dei driv med, er oppmodinga frå Brandsøy.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann Bremanger

BRANN: Seinast tysdag brann det i Bremanger.

Foto: NRK-tipsar

– Ta forholdsreglar

Og nettopp dette med å ta forholdsreglar vil også vere med å avgjere kor vidt du som privatperson blir straffa om brannen kjem ut av kontroll.

– No er det slik at det i utgangspunktet ikkje er ulovleg å drive med bråtebrenning no, men det er krav om ein må ta nødvendige forholdsreglar, seier politifullmektig Katrine Trøndsdal.

Og det er fleire ting du må ha i orden før du set fyr på gras og lyng.

– Ein må ta kontakt med brannvesenet, ha tilstrekkeleg med mannskap, og ein må ta omsyn til vêr og vind og andre moment som kan gjere til at brannen kjem ut av kontroll, seier ho til NRK.no.

Om det skulle gå gale og brannen kjem ut av kontroll vil politiet vurdere kva folk har gjort for å vere på den sikre sida. Om ein har handla uansvarleg kan ein få svi med både mindre og større bøter, og ved særleg grove tilfelle, fengsel.

– Straffa vil avhenge av kor aktlaus ein har vore, kor stor fare ein har skapt og kva skade som er påført, seier politifullmektigen.