Hopp til innhold

Fekk 7000 i bot etter bråtebrenning

Ein bonde i Vågsøy har fått 7000 kroner i bot etter at to bråtebrannar kom ut av kontroll.

Store område svidd av etter bråtebrann i Vågsøy

SVIDD AV: Store område vart svidd av etter bråtebrannen i Vågsøy tidlegare i mars. Politiet har gitt bonden som stod bak ei bot på 7000 kroner.

Foto: NRK-tipsar

Helga 9. og 10. mars måtte brannvesenet i Vågsøy rykkje ut to gonger i same område på Kvalheim. Etter at bråtebrannen kom ut av kontroll på laurdagen varsla politiet at bonden ville bli politimeld, men dagen etter kom ein ny bråtebrann på eigedommen ut av kontroll.

Politiet i Vågsøy har gitt bonden ei bot på 7000 kroner, skriv Fjordenes Tidende. Dei meiner bonden ikkje har teke tilstrekkelege forholdsreglar og at han har handla uansvarleg.

– Grunnlaget er at det ikkje er teke nødvendige forholdsreglar. Ein har ikkje varsla brannvesenet og ein har ikkje sikra at ein kunne sløkkje viss det kom ut av kontroll, seier lensmann Hvattum til NRK.no.

Han seier dei ser alvorlege på denne typen episodar, og ber innstendig om at folk ikkje brenner bråte utan å vite at dei kan ha kontroll på det.

Akkurat no er det lagt ned totalforbod mot bråtebrenning i Vågsøy, men sjølv når dette forbodet blir oppheva må folk vere forsiktige.

– Ein må varsle brannvesenet og innhente løyve. Brannvesenet låner også ut utstyr til sløkking, seier Hvattum.

Berre i mars har det vore 24 bråtebrannar i fylket som har kome ut av kontroll. Seinast i går kjempa brannmannskap i Askvoll og Bremanger i timevis for å få kontroll på brannar i terrenget.

– Bråtebrenning er godt for vegetasjonen. Men folk må vere hundre prosent sikre på at dei veit kva dei driv med, seier dagleg leiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Terje Brandsøy, til NRK.no.