Hopp til innhold

Fylkessamanslåingane kosta minst 700 millionar – uvisst kva oppløysing vil kosta

Dei moglege regjeringspartnarane Ap, Sp og SV vil at samanslåtte fylke som ønsker det, kan bli oppløyste. Men ingen anar kva det vil kosta.

Hege Lothe og Audun Lysbakken under valkampen

VIL DELE DEI SOM VIL:SV opnar for at fylke som ønsker det, kan bli oppløyst. Her er Hege Lothe og Audun Lysbakken i Førde under valkampen.

Foto: Ina Christin Løvseth / Firda

– Me har ikkje motteke ei politisk bestilling knytt til ei eventuell splitting. Me har derfor ikkje sett på kva det vil innebera, seier fylkeskommunedirektør i Vestland, Rune Haugsdal.

Det veit heller ingen andre av dei totalt sju samanslåtte fylka.

– Vårt fokus er Agder 2030, og me har ikkje brukt ressursar på slike utrekningar, svarar fylkesdirektør Knut Lindland i Agder.

Heller ikkje Kommunal- og moderniseringsdepartementet, KS, SSB, eller forskingsmiljø som NRK har kontakta, veit kva det vil kosta å skilja fylka att.

Det departementet derimot veit, er kva det har kosta å slå fylka saman.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal

HAR IKKJE SETT PÅ PRISEN: Fylkeskommunedirektør i Vestland seier dei ikkje har sett på kva ei eventuell splitting vil innebera.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Har kosta langt over 700 millionar

Viken, Vestland, Innlandet, Troms og Finnmark, Trøndelag og Agder har no rapportert til departementet kva direkte kostnadar som er knytt til samanslåingane.

Vestfold og Telemark seier til NRK at dei har brukt meir enn 30 millionar, men har ikkje rekna på summen.

Dei ferske tala viser at det har kosta dei sju fylka nesten 700 millionar kroner i eingongskostnadar å bli slått saman.

Dyrast var det å slå saman i Viken. Der kjem dei direkte kostnadane opp i 336 millionar.

I tillegg har fylka brukt svært mange arbeidstimar, som i liten grad er teke med i rekneskapen.

– Me har ikkje hatt fokus på timeverka, men på å førebu og gjennomføre samanslåinga, seier fylkeskommunedirektør Haugsdal i Vestland.

Ifølge Troms og Finnmark fylkeskommune har arbeidskostnadane som kjem i tillegg truleg vore like store som dei utrekna eingongskostnadane.

Viken fylkesskilt

DYRAST: Det har kosta 336 millionar kroner å slå saman Buskerud, Akershus og Østfold til Viken.

Foto: Petter Larsson/NRK

Tema i sonderingane

Alle dei tre partia som no sonderer for å finna ut om dei skal danna regjering, SV, Ap og Sp, ynskjer å opna for å dela opp att fylka, dersom fylka sjølv vil.

– Me kjem til å gå inn for å gje fylka som ynskjer det, mogelegheita til å oppheva tvangsekteskapa, sa SV-leiar Audun Lysbakken då han besøkte Førde i valkampen.

Like før hadde han symbolsk delt opp ei svær kake forma som Vestland.

Fylkesoppløysingskake

VALKAKE: Med denne kaka lova SV-leiar Audun Lysbakken at Vestland og andre fylke som ønskjer det, kan bli oppløyste.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Det anbefaler ikkje statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Paal Pedersen. Han meiner det er gal bruk av ressursar å reversera fylkessamanslåingane.

– Kostnaden er betydeleg større enn å fortsetja, seier Pedersen til Kommunal rapport.

Men departementet veit altså ikkje kva det vil kosta.

– Det er mange usikre faktorar, seier statssekretæren til NRK.

Statsekretær Paal Pedersen

FEIL RESSURSBRUK: Det er feil ressursbruk å skulle reversera fylkessamanslåingane, meiner statssekretær Paal Pedersen i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Foto: Stortinget

Sparar 500 millionar

Både Agder og Vestland seier dei allereie har spart inn meir enn kva samanslåinga har kosta.

Vestland skal spara 100 millionar årleg i løpet av dei fem fyrste åra.

– Me følgjer den tempoplanen. Tilbakemeldingane frå næringslivet og kommunane er at ein har sterkare og betre kontakt med fylkeskommunen no enn tidlegare. Så eg opplever at me leverer ein meirverdi for dei me er der for, seier Haugsdal i Vestland.