Hopp til innhold

Ingen pengar til skulehagar: – Tar grønsaker frå skulebarn

Kunnskapsministeren, lærarar, og ideelle organisasjonar ivrar for å laga skulehagar der elevane får dyrka eigne grønsaker. I Bergen har bystyret fjerna heile pengestøtta.

Frøya S. F. Mikkelsen (foran) og Charlie Sillue i skulehagen til Rådalslien skole i Bergen.

HAGEKUTT: – Dette var berre ein vanleg kvitløkfedd. No har den fått stilk og røter, seier niandeklassingane Frøya (framme) og Charlie på Rådalslien skole. I år får bergensskulane ingen pengar til skulehagar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Dette er trist! Eg trur det er veldig nyttig for elevane å sjå kor matvarer kjem frå, og korleis dei blir dyrka, og kva som må til, og å læra seg praktiske ting.

Det seier lærar Tore Koch på Rådalslien skole i Bergen, og får støtte frå kollega Jonatan Anabalon.

– Me ser korleis elevar med synkande motivasjon i klasserommet blomstrar her ute. Dei er med å planlegga og drøyma og få det i stand.

Lærar Jonatan Anabalon

Kvitlauk og jordbær

Saman med ei gruppe elevar har dei to lærarane byrja å bygga opp ein stor og fin skulehage med snikra gangvegar mellom plantekassane.

Fire niandeklassingar viser oss rundt.

– Det er koseleg å læra seg å planta ulike ting, seier Frøya.

Rune fortel at alle elevane som har lyst, får vera med.

– Veldig gøy og spennande å bygga ting og bruka kreativiteten min, seier Sonja.

I nokre av kassane lenger dyrkar dei jordbær og poteter.

– Me har byrja å dyrka kvitlauk rett her. Me planta dei etter første frostnatt og la blad over dei, forklarer Charlie.

F.v.: 9.-klassingane Charlie Sillue, Frøya S. F. Mikkelsen, Sonja Håland og Rune Undredal Vik saman med lærar Tore Koch i skulehagen til Rådalslien skole i Bergen.

Elevane Charlie Sillue, Frøya S. F. Mikkelsen, Sonja Håland og Rune Undredal Vik ved skulehagen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Skulehagerevolusjon i Noreg

På byrjinga av 1900-talet vart det vanleg å laga skulehagar på skular over heile landet. Der lærte elevane å dyrka sine eigne grønsaker, som dei gjerne fekk med seg heim i ei tid der mange familiar hadde lite mat.

På 1980- og 90-talet forsvann mange av dei siste skulehagane, men dei siste åra har det blitt meir fokus på dyrking og anna praktisk læring i grunnskulen.

No er skulehagane fleire stader på veg inn igjen, takka vera både lokale eldsjeler, statlege signal om at praktisk læring er viktig, og arbeidet til ideelle organisasjonar.

– Me står nesten i ein slags ny skulehagerevolusjon. Lærarar over heile landet ønsker seg skulehagen tilbake, seier dagleg leigar Markus Lone Hustad i Økologisk Noreg.

Rune Undredal Vik, 9.-klassing ved Rådalslien skole i Bergen, i skulehagen.

Niandeklassing Rune Undredal Vik likar timane i skulehagen på Rådalslien skole.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

«Flott, men nei»

På Austlandet har ein bank støtta etablering av skulehagar med fleire titals millionar kroner, der skulane kan få 150.000 kroner kvar til bygg, kurs og praktisk hjelp.

På Nordfjordeid i Stad kommune har friviljuge og kommunen fått på plass ei satsing. Også der med støtte frå bank.

I Bergen har satsinga vore mykje mindre. Byrådet sa i fjor haust at det ville satsa på skulehagar, og bystyret vedtok det same. Likevel er det ikkje sett av ei einaste krone til skulehagar i bergensbudsjettet for 2024.

– Me hadde planar om å planta nokre tre der borte og eit skur her ein stad. Men det er ikkje sikkert me får til det viss me ikkje får pengar frå kommunen, seier Charlie.

Gartnar Kristin Hermansen jobbar i organisasjonen Bybonden i Bergen. Ho har hovudansvar for å gi råd, etableringshjelp og oppfølging til skolehagar.

Dei siste tre åra har 21 skular i Bergen fått pengar og rådgjeving. I år skulle 15 nye skular følgast opp. Hermansen seier det årlege behovet er minst 300.000 kroner.

– Det gir fleire hundre skolebarn eit utandørs og utforskande klasserom. Eg synest ikkje det er mykje pengar.

Kristin Hermansen, Bybonden i Bergen, på Lystgården

Kristin Hermansen er gartnar hjå Bybonden i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Brutalt kutt

Ho er oppgitt over at kommunen har kutta løyvinga heilt.

– Det rammar barn som skulle få tilgang på sunn og næringsrik mat som dei har dyrka sjølv. Me tar grønsaker frå skulebarn. Eg synest det er brutalt.

Også Økologisk Norge kritiserer at Bergen kommune har kutta all støtta i år.

– Det er veldig synd for barna. Skulehagar bidrar med meir fysisk aktivitet, betre sosial fellesskap, og ein meir motiverande skulekvardag. Utanlandsk forsking har vist at skulehagar gir betre akademiske resultat også i andre fag, som norsk og matte, seier Hustad.

Det er mykje lettare å læra seg kubikk når du skal bygga ei plantekasse og fylla ho med jord.

Kristin Hermansen, Bybonden i Bergen

Byrådet: – Ikkje bevisst kutt

Skulebyråd Daniel Hägglund (Frp) forklarer at byrådet som overtok makta i Bergen i fjor ikkje oppdaga at løyvinga til skulehagane mangla i det kommunebudsjettet som Arbeidarpartiet hadde førebudd før det mista byrådsmakta.

– På grunn av kort tidsfrist vart me ikkje merksame på at det ikkje var midlar til dette. Men det har ikkje vore eit bevisst val, seier han.

Han understrekar at byrådet meiner det er viktig med skulehagar og praktisk læring og seier han skjønar frustrasjonen over at desse midlane ikkje er lagde inn.

– Skulehagar kan gi betre læring og kanskje sosial utjamning. Men når budsjettet er vedtatt for 2024, får me ikkje gjort så mykje med det. Men me skal vurdera det til neste år.

Kristin Hermansen, Bybonden i Bergen, på Lystgården

Hermansen fryktar skulehage-satsinga kokar ut i kål.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Tomatar, chili og agurk

På Rådalslien skole har elevane og lærarane framleis visjonar for skulehagen sin.

– Me har planar om å få tomatar ein stad her. Me hadde også planar om å planta chili og agurk, fordi det er kjempegodt, seier Charlie og Frøya.

– Draumen er at skulehagen skal bli ein integrert del av alle fag, der ulike elevar kan skina og oppleva meistring, meining og verdi. Dei er veldig stolte over det dei har laga. Det er mykje læring i det, seier lærarane deira.

Bybonde Hermansen er mindre optimistisk.

– Me er veldig bekymra for at det berre kokar heilt ut i kål, slik at alle pengane me har brukt endar som ugras i plantekassane, ståande som nokre skjelett over ei satsing som ikkje vart ført vidare.

9.-klassingane Frøya S. F. Mikkelsen, Charlie Sillue, Sonja Håland og Rune Undredal Vik saman med lærarane Tore Koch (foran) og Jonatan Anabalon i skulehagen til Rådalslien skole i Bergen.

Niandeklassingane har store planar for planting dersom dei får midlar frå kommunen neste år.

Foto: Leif Rune Løland / NRK