I ein liten bakhage på Nordfjordeid står kasser med jord tett i tett.
Prosjektet har fått namnet Grøn integrering og skal lære innvandrarar kunsten å dyrke frukt og grønt i Noreg.
Fleire av dei kjem frå land der det er langt meir vanleg å dyrke eigne grønsaker enn her til lands, men metodar som fungerer fint i varmare strøk verkar dårleg i møte med det nordiske klimaet.
– Då vi var ganske nye i Noreg, kjøpte mannen min grønsaker på butikken som han putta rett ned i jorda. Vi venta og venta på at det skulle vekse, men det skjedde ingenting, ler Rana Hussein Krizan.
Ho er blant dei som har møtt opp for å lære av Anne-Joril Bratlie Haugland, som er initiativtakar til prosjektet.
– Vi såg at det var behov for å lære vekk litt om korleis vi gjer dette i Noreg, seier Haugland.
Møta over hagekassene ber frukter på fleire vis, seier ho.
– Dette gir meistring, auka motivasjon og trivsel. Det er også integrering, fordi dei som er med lærer mykje språk.
NYTT KLIMA: – Mannen min kjøpte grønsaker som han putta i jorda. Vi venta og venta på at det skulle vekse, men det skjedde ingenting, ler Rana Hussein Krizan.
Foto: Steinar Lote / NRK- Heilt fantastisk
NRK har tidlegare skrive om prosjektet Grønn trivsel, som har blitt til med støtte frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi).
– I årets portefølje har vi dessverre ingen helt tilsvarande prosjekt med ein slik grøn profil, seier kommunikasjonsrådgivar i IMDi, Madeleine Bjørnebye.
«Lokale kurs som inkluderingsarena» i regi av Studieforbundet Kultur og Tradisjon har likevel noko av det same ved seg.
Grøn integrering på Eid er i staden eit «spontant initiativ» i regi av Haugland og Eid Hagelag. I tillegg har dei fått med seg kommunen, skulen og lokale bedrifter som har bidratt med plantar og utstyr.
– Eg synst som ordførar det er heilt fantastisk at eit slikt initiativ veks fram nedanfrå, seier Alfred Bjørlo, som er ordførar i kommunen.
Han legg til:
– Dette er integrering og god lokalsamfunnsbygging i praksis.
NEDANFRÅ: – Eg synst som ordførar det er heilt fantastisk at eit slikt initiativ veks fram nedanfrå, seier Alfred Bjørlo, som er ordførar i Stad.
Foto: Siri Kolseth / Fjordenes TidendeSkaper tilhøyrsle og eigarskap
Heidi Lydersen har deltatt i forskingsprosjektet «Berekraftige, mangfaldige byer» og har skrive om krysskulturelle møter som oppstår i dyrkingsfellesskap
– Deltaking i dyrkingsfellesskap kan skape tilhøyrsle og eigarskap til staden vi bur på, seier ho.
Ho trekk fram dei tilfeldige og uformelle samtalane som oppstår i åkeren, drivhuset eller reiskapsboda.
– Sosiale møtestader der vi møter folk som er ulike oss sjølve gjer at det som er ukjent for oss blir mindre framand. Å dyrke saman skaper også mange mogelegheiter for språktrening.
Lydersen meiner fleire arenaer som dette må på plass:
– Vi treng å utvikle lågterskel sosiale møtestader som er allment tilgjengelege og inkluderande. Dyrkingsprosjekta har alle desse kvalitetane.
– Det sosiale er aller viktigast for oss
På Vie Andelsbruk i Førde står Susan og dottera Leyla på kne.
– Vi ville vere saman med norske folk, prate med nordmenn og bli kjende med kulturen.
Familien kom til Noreg for fire år sidan, og melde seg inn i andelsbruket etter eitt år.
I bytte mot 15 dugnadstimar gjennom sesongen får dei tilgang til ferske grønsaker, men det er ikkje hovudpoenget, seier ho.
– Mat kan vi kjøpe. Det sosiale er aller viktigast for oss, smiler ho.
Ho legg til:
– Eg kjenner mange her no, og når eg er på butikken helser folk på meg og spør korleis eg har det.