Hopp til innhold

Ingen har oversikt over medisinbruken – nytt prosjekt skal trygga pasientar

Nytt register skal innehalde oversikt over alle medisinane Eva Skadal og andre med ho tek. – Vi burde hatt dette i går, seier leiar for prosjektet.

Eva Skadal og dosetten

KRONISK: Eva Skadal (75) får medisinane sine av heimetenesta. Med dosett og ei liste på tre sider held ho styr på kva som skal takast når.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

– Eg et ein frukost på 8–10 tablettar. Så fyller eg på med litt mat etterpå, seier Eva Skadal.

75-åringen har diabetes, beinskjørheit, magesår og fleire andre kroniske sjukdomar.

Og lista over alle medisinane ho tar fyller tre sider.

Men ingen andre har full oversikt over alle medisinar ho bruker. Det same gjeld alle andre i same situasjon.

– Viss eg reiser på besøk til familien min i Narvik utan lista og hamnar i koma på sjukehus, då står me der, seier Skadal.

Regin Hjertholm er fastlegen til Skadal. Han fortel at han kan bruka frå fem til femti minutt på å kartleggja kva medisinar ein pasient tar.

– Av og til går det fleire dagar. Me strevar fælt med å få oversikt, seier han.

Fastlege Regin Hjertholm

TID: Regin Hjertholm brukar mykje tid på å kartleggja kva medisinar pasientane hans brukar.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Blir fyrst ut i prøveprosjekt

Den manglande oversikta stel ikkje berre mykje tid frå helsevesenet. Det er også farleg.

Om lag 12 prosent av alle pasientskadar skuldast feil legemiddelbruk.

– Eg har sett nokre situasjonar der det nesten har gått gale, seier Hjertholm.

Dette er bakgrunnen for at helsevesenet i Bergen no skal vera med i pilotprosjektet «Pasientens legemiddelliste» (PLL).

I PLL skal alle medisinane ein pasient faktisk brukar registrerast og oppdaterast, og delast med til dømes sjukehus, fastlege, legevakt, heimesjukepleie, sjukeheim og pasienten sjølv.

– Det er fenomenalt å sleppa å vera redd. Eg blir sikrare som pasient, seier Skadal.

Dosetten til Eva Skadal

SIKKER: Med Pasientens Legemiddelliste kan Eva Skadal vita at alt helsepersonell ho treng hjelp av alltid veit kva medisinar ho faktisk brukar, ikkje berre kva reseptar ho har fått ein gong i tida.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

– Skulle eigentleg hatt det i går

Legemiddellista skal fyrst testast ut frå hausten av.

– Dette har ein samla helsesektor etterlyst lenge. Vi skulle gjerne hatt det i går, seier Ivar Thor Jonsson, programeigar for PLL i Direktoratet for e-helse.

Prosjektet skal fyrst testast ut på Vestlandet. Jonsson seier dei planar å innføra PLL nasjonalt i 2023.

– Den største utfordringa er at det er komplekst. Dei veldig mange aktørane brukar mange forskjellige system, seier han.

I vest skal systemet fyrst bli testa av fastlegar og pasientar i Bergenhus, Åsane og Arna, saman med Bergen kommune, Helse vest, Helse vest IKT, Direktoratet for e-helse, Norsk helsenett, Haraldsplass diakonale sjukehus samt delar av Haukeland universitetssjukehus.

– Mykje arbeid å laga lista

Å laga den komplette oversikta over medisinane ein pasient brukar, vil truleg falle på fastlegane.

– Dei kjenner pasienten og dei andre helseaktørane best, seier Regin Hjertholm.

Han er uroa over at dei ikkje skal få nok tid og ressursar til å faktisk laga lista. For på toppen av koronakrisa, er det også ei fastlegekrise i Noreg no.

– Klarar me ikkje å styrka fastlegane, kan det blir vanskeleg å få prosjektet i mål. Det er eit raudt flagg for meg, seier Hjertholm.

Eva Skadal inne på kontoret til fastlege Regin Hjertholm.

SPESIELT INTERESSERT: Regin Hjertholm har frå før kartlagt alle medisinane til dei pasientane som har meir enn fire medisinar, slik som Eva Skadal. Det tok eitt år. – Eg er spesielt interessert, seier Hjertholm.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK