Hopp til innhold

Ingen fekk klemma eller helsa på kvarandre under gravferda

MØLLENDAL: (NRK): Ingen fysisk kontakt er lov når kyrkjene held gravferdsseremoniar under koronakrisa. – Det er veldig unaturleg for oss menneske å vise omsorg på denne måten, seier gravferdskonsulent.

Begravelse Møllendal

SPESIELL SEREMONI: Nye retningslinjer gjer at maksimalt 50 personar kan delta i gravferdsseremoniar.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK

Alle heldt god avstand til kvarandre under gravferda i Møllendal kapell i Bergen tysdag.

I dag vart ein eldre mann lagt til kvile. Han døydde brått og uventa i sin egen heim. No er den nærmaste familien samla for å ta farvel med han.

«Ein snill, hjelpsam og sosial mann», seier prest Lars Petter Eide om han som no skal få si kvile.

Dei skulle ha vore 75 personar i gravferda, men på benkeradene sit berre 17 sjeler. Koronaviruset gjer at berre dei nærmaste pårørande har lov å koma i seremonien.

Begravelse Møllendal

DESINFEKSJON: Under gravferda i Møllendal kapell tok gravferdsbyrået alle forholdsreglar for å unngå koronasmitte.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK

Tok ingen sjansar

På førehand var kyrkjebenkane reingjorde med antibac og ved inngangen stod ei pumpe der ein kan smørje inn hendene sjølv.

Gravferdsbyrået tok ingen sjansar på at dei som kom i kapellet skulle bli smitta av koronaviruset.

I programheftet var det lagt eit ekstra ark med informasjon om kva dei som deltok måtte hugse på for å ikkje utsetje kvarandre for smitte.

«Ikkje ta kvarandre i handa», «ikkje gi kvarandre ein klem» stod det svart på kvitt. I staden vart dei bedne om å legge handa på hjartet og bukke.

– Det er veldig rart, seier gravferdskonsulent Anne Kristin Fluge Sævig i Solstrands Begravelsesbyrå.

Anne Kristin Fluge Sævig, Solstrands begravelsesbyrå

RART: Gravferdskonsulent Ane Kristin Fluge Sævig håpar koronakrisa ikkje blir langvarig. – Men me må kanskje førebu oss på at det ikkje blir slik, seier ho.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK

– Unaturleg for oss

Ho fortel at mykje er blitt annleis for dei som no førebur og held gravferder. Nye retningslinjer gjer at maksimalt 50 personar kan delta i gravferdsseremoniar.

Inne i kapellet er det berre dei aller nærmaste som får lov å vere. Sjølv jobbar dei frå heimekontor.

– Det er jo veldig unaturleg for oss menneske å vise omsorg på den måten. Vi vil jo gjerne vere nær og gi ein klem. Ein har ikkje ord som dekker opp for det fysiske, seier Sævig.

Kollega Johann Sebastian Blum seier dei er veldig opptekne av at gravferder kan utgjere ein risiko for å bli smitta.

– Til dømes skulle vi hatt ein annan seremoni her i dag som blei avlyst grunna ein karantenesituasjon, seier Blum.

Johann Sebstian Blum, Solstrands begravelsesbyrå

EINGONGSHANSKE: Gravferdskonsulent Johann Sebastian Blum tek på seg plastikkhanskar før han plukkar opp rosene langs kista.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK

Kan få dispensasjon

Ifølgje dei nye reglane har pårørande lov å søkje kommunelegen om dispensasjon om dei vil auke talet på kor mange som kan kome i gravferda.

Programhefte begravelse Møllendal kapell

INSTRUKS: I programheftet la gravferdsbyrået eit ekstra ark der dei oppmodar alle om å ikkje klemma eller helsa på kvarandre.

Foto: Paul Andre Sommerfeldt / NRK

Ein har òg lov å utsetje seremonien opptil 14 dagar dersom ein nær pårørande er sjuk eller sit i karantene. Gravferdsbyrået har teke imot fleire slike søknadar den siste tida som har blitt godkjent.

– Er de førebudd på at dette kan kome til å vare lenge?

– Eg veit ikkje riktig. Eg er ein optimistisk type som tenkjer at det går sikkert fort over, men vi må kanskje førebu oss på at det ikkje blir sånn, seier Sævig.

Framme ved alteret vart kista seinka ned i golvet. Gravferdskonsulenten sprita hendene nok ein gong før ho gjekk fram og delte ut raude roser.

– No tek vi farvel med hans gode, lyse minne, avslutta presten.

Døra vart opna og dei frammøte gjekk ut i bergensregnet til tonane av «Amazing Grace».

Det vart ei fin og verdig stund i kapellet på Møllendal, sjølv utan klemmar og faste handtrykk.