Hopp til innhold

Ingebrigtsen sin fyrste Brann-siger vart feira med bamseklem

Kåre Ingebrigtsen har teke sin fyrste skalp som Brann-trenar, og Daouda Bamba har avslutta måltørka. – Frykteleg godt, seier trenaren.

Kåre Ingebrigtsen.

BAMSEKLEM: Spelarane sprang rett bort til Kåre Ingebrigtsen og gav han ein klem då dei punkterte kampen med 2 - 0 fire minuttar på overtid.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Medan vertane på Nadderud ikkje greidde å setja ballen mellom stengene, skåra både Robert Taylor og Daouda Bamba for Brann. Slik var det ikkje openbert at kampen skulle enda. Førlaga entra banen hadde dei båe 18 poeng, og på dei siste sju kampane hadde båe laga ein siger kvar.

Kampen vart i fyrste omgang prega av fleire feilpasningar, dårlege touch og lite hendingar.

Det fyrste målet kom då 60 minuttar var spelt. Daouda Bamba sette fyrst ballen i stolpen, men Taylor dunka inn returen frå fem-seks meter.

Fire minuttar på overtid lurte Daouda Bamba lurte seg forbi Stabæk sin keeper Marcus Sandberg, og sette ballen i nettet. Då hadde han ikkje skåra på to månader.

Målet var feira ved å springa rett bort til Kåre Ingebrigtsen og gi han ein ordenteleg bamseklem saman med resten av laget.

Gilbert Koomson

DUELL: Emil Bohinen taklar Gilbert Koomson. Bohinen fekk gult kort for taklinga.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB Scanpix

– Frykteleg godt

– Det kjentest frykteleg godt. Dette var ein open og jamn fotballkamp. Me er dyktigare framfor mål enn kva Stabæk er. Då får me dei måla me treng, seier Kåre Ingebrigtsen.

Han har voretrenar for bergensarane i litt over to veker. Den fyrste kampen han leia, enda i eit 1 - 0-tap mot Mjøndalen heime på Brann stadion.

– Både for meg og spelargruppa var dette ei god oppleving. Me var litt rufsete i fyrsteomgang. Då vart det litt Hawaii. I andre omgang hadde me meir kontroll på det defensive og spelte Stabæk låge på bana, seier Ingebrigtsen.

– Me viser at me kan skåra mål og spela offensiv fotball.

I fyrste omgang kunne Stabæk spela seg mellom Branns-spelaren. Difor endra Ingebrigtsen taktikken etter pausen.

– Stabæk er eit godt teknisk, spelande lag. Me gav dei heller litt rom på sidene og handterte dei innlegga som kom, seier trenaren.

Ingebrigtsen har trena laget til å ha ei meir offensiv innstilling.

– Me vil dominera fotballkampar. Me jobbar med å tørra, og me skal angripa heile vegen, seier Ingebrigtsen.

Kva kan ein forventa for Brann framover?

– Me kjem til å jobba for å spela på motstandarane sin halvdel så mykje som mogeleg, seier han.

Markus Olsen Pettersen

COMEBACK: Markus Olsen Pettersen fekk sin fyrste kamp mellom stengene til Brann på nesten to år. Eigentleg skulle Håkon Opdal stå, men han fekk seg ein smell under oppvarminga.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Har fått ein formknekk

Stabæk har ikkje vunne ein fotballkamp sidan midt i juli, og har tapa tre av dei fire siste kampane. Før det hadde dei ein ganske grei start på sesongen, med to tap og tre sigrar dei fyrste ni serierundane.

– Det er surt. Me gjer ein bra kamp, i motsetnad til dei føregåande fem, seier midtstoppar Andreas Hanche-Olsen.

Han meiner dei tapte fordi dei ikkje var effektive nok framfor mål.

– Dei skårar på dei to store sjansane dei har. Me brenner våra sjansar. Då er det vanskeleg å vinna.

Han meiner det skildrar den noverande formen til Stabæk.

– Me har ikkje vore bra nok i det siste.

Laster innhold, vennligst vent..