Hopp til innhold

– Forferdeleg at narkomane må snu i døra til sprøyterommet

Dei låge besøkstala på det nye sprøyterommet i Bergen er inga overrasking, meiner Arbeidarpartiet. Helseministeren vil ikkje kommentera problemet.

Sprøyterom Bergen

BERRE ROM FOR HEROINISTAR: Her på sprøyterommet i Bergen er det berre lov å injisera heroin, dermed er majoriteten av bergenske rusavhengige utestengt frå lågterskeltilbodet.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Denne veka kunne NRK melda at nesten ingen bruker det nye sprøyterommet i Bergen. 18 personar står klare til å hjelpa 100 personar for dagen, men snittet ligg på ein til to besøkande om dagen.

– Me var eigentleg førebudde på dei låge besøkstala. Det er derfor me har lagt fram forslaget om å endra lova, seier Ruth Grung frå Arbeidarpartiet.

Ho er ein av stortingsrepresentantane som vil endra sprøyteromslova. Lova frå 2004 opnar berre opp for injisering av heroin på norske sprøyterom.

Rusavhengige blir avvist

Bergen opna landets andre sprøyterom i desember, men i Vestlandets hovudstad er rustrendane annleis enn i Oslo.

I Bergen er amfetamin mest utbreidd blant dei rusavhengige. Slik lova er i dag, blir dei avvist i døra fordi dei har med seg "feil stoff". Ruth Grung (Ap) omtalar situasjonen som hjarteskjærande.

Ruth Grung

IKKJE OVERRASKA: Ruth Grung (Ap) er ein av seks stortingsrepresentantar frå Arbeidarpartiet og Venstre som vil endra sprøyteromlova frå 2004.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

– Eg synest det er forferdeleg, spesielt på denne tida av året. Det er uverdig at dei må gå ut på gata.

Grung gir dagens lovverk skylda.

– Me har eit lovverk som set store avgrensingar på kven me kan hjelpa. Det er veldig få som berre injiserer heroin, så her er ikkje lovverket i samsvar med verkelegheita.

Anonyme narkomane Pez

UTESTENGDE: Det blir brukt store ressursar på sprøyterommet i Bergen, men dei rusavhengige har ikkje lov til å bruka det.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Tidlegare sosialbyråd er kritisk til sprøyterommet

– Det er kanskje tidleg å konkludera med at sprøyterommet er ein fiasko, men me ser tendensar som me åtvara mot i 2015, seier Silje Hjemdal (Frp), som er tidlegare sosialbyråd i Bergen.

Hjemdal fortel at sprøyterommet blei ei symbolsak for mange parti, og set spørsmålsteikn ved kva utfordringar rommet løyser, og om det er verdt prisen.

Silje Hjemdal

IMOT SPRØYTEROM: Tidlegare sosialbyråd i Bergen. Silje Hjemdal (Frp), er kritisk til sprøyterom, men også til forbodet mot andre stoff enn heroin.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

– Frp var iallfall klare på at me heller ville prioritera førebygging. Desse 18,3 millionane som blir brukt på dette fører til at andre tenester får mindre.

Men Hjemdal, som vil ta opp saka i neste bystyremøte, er einig i at eit forbod mot andre stoff enn heroin har lite for seg.

Høie vil ikkje kommentera saka

Helse- og omsorgskomiteen legg fram innstillinga si til Stortinget 23. mars, og lovendringsforslaget blir behandla i april.

– Eg forstår meg ikkje på dei partia som ikkje ser kva avgrensingar me set her, seier Ruth Grung (Ap), som er med i komiteen.

Frå før av er det klart at Arbeidarpartiet, Venstre og SV vil støtta lovendringsforslaget, og Grung fortel at ein får fleirtal om Høgre blir med.

Men helseminister Bent Høie (H) vil ikkje kommentera saka, og viser til eit dokument som han sende til komiteen på måndag.

Mange bruker flere typer narkotika og medikamenter - ofte i kombinasjon - og som også injiseres og forekomsten av hepatitt C og andre infeksjoner er svært høy bant injiserende rusavhengige. Regjeringen vurderer ulike tilnærminger til utfordringene.

Bent Høie

Om utfordringane skal bli møtt med ei endring av sprøyteromlova, meiner Høie at ein blant anna må vurdera om dei føreslådde endringane strider med FN-konvensjonane.

Mottaket på sprøyterommet i Bergen

MÅ NEKTA INNGANG: Avdelingsleiar ved sprøyterommet, Grethe Nilsen, håper at lova kan opna opp for å hjelpa fleire etter kvart.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK