Hopp til innhold

Dei tek etter fedrane sine – men ikkje på grunn av det du trur

SOGNDAL (NRK): Norsk fotball er full av søner som slektar på fedrane sine. Men det er ikkje gena som gjer at fotballdynasti veks fram.

Fra venstre: Martin Ødegaard, Erling Braut Haaland, Patrick Berg, Alexander Sørloth

SLEKTERS GANG: Ødegaard, Braut-Haaland, Berg og Sørloth er alle soner av fedrar som var gode til å spele fotball.

Foto: NRK

Fosshaugane stadion, tysdag 8. september: Innforståtte blikk blir veksla langs sidelinja. Tida er moden.

Kort tid etter spring ein spelar med nummer 34 på ryggen inn på bana.

Det går eit brus av forventingar gjennom dei 200 tilskodarane som har fått sleppa inn på den ellers korona-tomme tribunen.

For guten med 34 på ryggen er ingen kven som helst.

Det er 16 år gamle Johan Johannessen Bakke, sonen og sonesonen.

På sidelinja står faren Eirik Bakke.

Ein av dei heldige på tribunen er morfar Johan Johannessen, som spelte på det myteomspunne cupfinalelaget til Sogndal i 1976.

Og i ei anna sfære sit kanskje farfar Svein Bakke (1953–2015) og følgjer med. I løpet av karrieren skåra «Mr. Sogndal» 321 mål for klubben.

Om Johan kan kjenne på presset?

– Eg tenkjer ikkje noko på det, seier han.

Pappa Eirik sit ved sidan av.

– Det blir ikkje lettare for han når han har det namnet, seier han.

– Men han må berre gå utpå og ha det moro, og så kjem alt det andre til å dette på plass.

– Ikkje sånn i spydkast

Norsk fotball er full av små «dynasti», der draktene liksom går i arv. Sogndal, Molde, Bodø, Stryn, Trondheim har alle eit jamt tilsig av nye spelarar med det same namnet på ryggen, enten det er Berg-Hestad, Berg, Flo eller Iversen.

På landslaget er Braut-Haaland, Sørloth og Ødegaard søner av sine fedrar.

Ada og Andrine Hegerberg er døtrene til tidlegare toppspelar Gerd Stolsmo.

– Det er ikkje sånn i spydkast, at fordi faren er god, så er sonen det også. Men sånn er det ofte i fotball, seier forfattar Dag Solstad.

Han vaks opp i Sandefjord, ikkje langt frå Larvik, og hugsar korleis det vart kviskra om guten til Gunnar Thoresen, bakaren og landslagsspelaren. Sonen, som enno gjekk i barneskulen, skulle om mogleg vere enda betre.

Og guten vaks, og profetiane gjekk i oppfylling. Hallvar (f. 1957) heitte han, og han gjekk aldri inn i konditorbransjen.

Jon Michelet og Dag Solstad fotografert sammen på kampen Brasil-Skottland, som endte 4-1, under VM i Spania i 1982. Siden skrev de to forfatterne bøker fra VM-sluttspillene i 1982, 1986, 1990, 1994 og 1998.

1982: – Det er ikkje sånn i spydkast, at fordi faren er god, så er sonen det også. Men sånn er det ofte i fotball, seier Dag Solstad, forfattar og fotballsjel. Her med Jon Michelet.

Foto: Tore Kristiansen / NTB scanpix

Veksling for æva

– Sonen som overtek plassen etter faren, det vitnar om ein verd i harmoni og balanse, seier forleggar og fotballbokforfattar Cathrine Sandnes.

– Det er den moderne varianten av sonen som tek over garden, som tar imot farsarven og forvaltar den.

Forlegger Cathrine Sandnes er glad i Liverpool og Virgil van Dijk.

GLAD I FOTBALL: – Hadde eg vore sonen til Maradona, ville eg ha gjort kva som helst bortsett frå å spele fotball, seier Cathrine Sandnes.

Foto: Privat

Biletet av den unge guten med det løfterike etternamnet, som skal kome att for å glede levande og døde, peiker mot djupe lengsler etter tilbakekomst og atterføding, meiner idrettssosiolog Arve Hjelseth.

– Det er jo denne draumen som gjer at filmen om far og son Ivers også treffer så godt, seier han.

Draumen om at «tidi skal opna seg» har eit konkret bilete i ein landskamp mellom Island og Estland i 1996. På eit tidspunkt i kampen blir far Arnor (34) bytta ut med sin egen son (17). Sonen er Eidur Gudjohnsen, og skal sidan bli den største av dei alle.

Marius Lien, forfattar av boka Brasiliansk fotball 1894-2014, fortel om liknande oppøsing rundt far og son Rivaldo.

– Den brasilianske pressen koste seg glugg då Rivaldo avslutta karrieren på same lag som sonen, seier han.

Overdriv betydninga av medfødde eigenskapar

Stig Arve Sæther er førsteamanuensis ved NTNU i Trondheim, og har forska på talentutvikling i barne- og ungdomsidrett.

Han meiner det er ein tendens i fotballen til å overdrive betydninga av medfødde eigenskapar.

– Det er verdt å minne om at far berre bidrar med halvpartane av genane. Det er ei mor her også.

Der livets lotteri er nådelaust med omsyn til kven som kan bli gode basketspelarar, sprintarar og skihopparar, kan langt fleire bli gode i fotball, forklarer han.

– Fotball kan rekruttere uvanleg breitt.

Det eine er at det er mange ulike måtar å bli god på. I spydkast er det berre ein måte – du må vere god til å kaste spyd.

I fotballen er det annleis. Thomas Müller, for eksempel, er verken særleg rask eller teknisk. Likevel er han blant dei beste i verda – fordi han er god på «romfortolking».

Ein annan skilnad er at utøvarane kjem i alle fasongar.

– Tenk på Myggen og Jostein Flo, kor forskjellige dei er, seier Sæther.

Erik Mykland sammen med Jostein Flo (tv).
Landslagstrening i 1992.

FLO OG MYGGEN: Fotballen skil seg frå andre idrettar er at utøvarane kjem i alle fasongar, seier Stig Arve Sæther, universitetslektor ved NTNU i Trondheim.

Foto: Trond Solberg / VG

Og når den genane blir mindre avgjerande, blir andre faktorar viktigare. Som motivasjon, læringsmiljø og rollemodellar.

Og det er her mor og far kjem inn att. Ikkje med genane sine; men med forteljinga om sitt eige liv.

Studiar viser at søner av gode fotballforeldrar tek motgang med større fatning enn dei som ikkje har like gode fedrar, seier Sæther.

Denne forskjellen er avgjerande i ein kritisk fase av spelarutviklinga, forklarer han.

– Alle vil på eit tidspunkt få eit tilbakeslag. Det er berre eit spørsmål om når. Dei som aksepterer dette og ikkje byrjar å kave, er gjerne dei som tek det siste steget.

Ikkje genane, men læringsmiljøet

Christian Thue Bjørndal er førsteamanuensis ved Noregs idrettshøgskole og peiker på det same.

Det er ikkje genane som gjer at gode fotballspelarar følgjer etter kvarandre, men læringsmiljøet.

– Tidleg eksponering er det første som er viktig for at dei skal bli gode på sikt. Har du ein kjent fotballpappa eller -mamma, så opnar det dører. Nettverk er superviktig, seier han.

Sogndal på Ullevaal i 1976

CUPFINALELAGET: Farfar Svein Bakke er nummer to frå venstre på fremste rad. Morfar Johan Johannessen er nummer to frå venstre på bakarste rad.

Yngvar Ommundsen er professor i idretts- og helsepsykologi ved Noregs idrettshøgskole.

Han seier fotballsønene og -døtrene har tre konkurransefortrinn: støtte, stimulans og oppmuntring.

– Foreldra veit kor mykje strev det kan vera, og kan fortelja kva som må til for å lukkast og kva som må ofrast, seier han.

Han minner om at eit gunstig utgangspunkt også har ei nedside:

– Det er ikkje til å stikka under ein stol at det også kan bli ei belastning. Du kan bli sett på som eit talent som skal gå heile vegen, fordi du er barnet til den eller den. Det kan bli ganske vanskeleg å handtera.

I Europa vert Jordi Cruyff nærast rekna som ein vits berre fordi han ikkje levde opp til farsnamnet. «Jordi er ikkje like god som faren sin, men det er det ingen som er», sa ein gang broren til Johan.

Medan sonen til Rivaldo, Rivaldinho (25), speler i den polske klubben Cracovia.

– Hadde eg vore sonen til Maradona, ville eg ha gjort kva som helst, bortsett frå å spele fotball, seier Cathrine Sandnes.

Laster Twitter-innhold

– Forventa at Johan debuterte som 16-åring

Tilbake i Sogndal sit Eirik og Johan på «Bakkeplassen», eit grønkledd hjørne av tribunebygget som vart bygd til ære for faren og farfaren.

«Mr. Sogndal» vart berre 62 år gamal.

– Han følgde Johan tett, så han hadde vore stolt, seier Eirik om pappa Svein.

Han legg til, med eit smil:

– Men han hadde sagt det berre var som forventa at Johan debuterte som 16-åring.

Svein Bakke i duell mot Neil MacLeod

FARFAR: Svein Bakke i duell mot Neil MacLeod. Til venstre er Jarle Skartun, som har vore ordførar i Sogndal.

Foto: Eivind Kolflaath / BA
Johan Johannessen Bakke har både far og to bestefedre som har spelt i Sogndal. No følgjer han etter.

Johan Johannessen Bakke har både far og to bestefedrar som har spelt i Sogndal. No følgjer han etter.