Hopp til innhold

Ikkje einige om Leciejewski

Sportsleg leiar Trond Fylling avviser at Sogndal er einige med Brann om å byte Piotr Leciejewski mot Kenneth Udjus og Cato Hansen.

Piotr Leciejewski

HIT ELLER DIT: Spekulasjonane går høgt rundt framtida til Sogndal-keeper Piotr Leciejewski.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Einige om det? Nei, dei spekulasjonane hadde det vore fint å få ut av verda. Vi er ikkje enige om noko byte, seier Fylling.

Bergens Tidende skriv onsdag at Brann og Sogndal har vorte einige om at Sogndal sin polske keeper, Piotr Leicejewski, går til Brann - medan Brann sin reservekeeper Kenneth Udjus og spissen Cato Hansen går til Sogndal.

Fylling avviser at det er tilfelle, men det er samstundes lite tvil om at Leciejewski gjerne vil vidare frå Sogndal etter tre sesongar i klubben.

Han er for tida heime i Polen på ferie og har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

LES OGSÅ: Piotr kan bli bytta med to

LES OGSÅ: Brann-keeper på vei til Sogndal

Sogndal interessert i Hansen

Cato Hansen

Trond Fylling stadfestar at spissen Cato Hansen er interessant.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Leciejewski har vore ei openberring sidan han kom til Sogndal, og han har stått fram som kanskje den beste keeperen i 1. divisjon.

Då Brann nyleg vendte seg til Sogndal for å prøve å få til ein overgang, fekk dei til svar at Sogndal i så fall måtte ha to spelarar i retur. Brann foreslo Cato Hansen, fordi Sogndal har signalisert at dei ynskjer seg ein rask spiss, og Udjus fordi han var ein av keeperane Sogndal vurderte før dei henta Leciejewski for tre år sidan.

Begge har fått lite speletid i Bergen, og dei har vore langt unna førsteellevaren.

- Udjus ikkje god nok

Sogndal-kjennar Jon Navarsete er svært skeptisk til om Sogndal skulle byte ein av sine beste spelarar mot desse to.

- Det håpar eg er heilt uaktuelt. Det er ikkje slike spelarar Sogndal treng no, i alle fall ikkje ein keeper på det nivået.

- Kva er det som gjer at du ikkje trur Udjus kan erstatte Leciejewski?

- Etter mitt syn har han klare begrensingar, og han er ikkje nokon eliteserie-keeper slik utan vidare. Han har ikkje erfaring og har ikkje spelt noko vidare på det nivået. Då har me like gode keeperar buande i bygda, seier han - og siktar til Vegard Skjeldestad som no vaktar målet til Førde i 2. divisjon.

Fylling stadfestar at dei ser på Cato Hansen som ein aktuell spelar, og vil heller ikkje avvisa Udjus fullstendig.

- Vi vurderer slike tilbod seriøst slik ein seriøs klubb skal gjera, er hans kanppe kommentar.

Kontrakten går ut

Leciejewski sin kontrakt med Sogndal går ut etter neste sesong, og det gjer at Sogndal kan vera villige til å la han gå no. Det gjer at Brann framleis er aktuelle, sjølv om klubbane ikkje har vorte einige om bytet som Brann føreslo.

- Det er først og fremst spelarbyte som er aktuelt. Pengar til overgangssummar er det nesten ingen som har no, seier Fylling.

LES OGSÅ: Vil styrkje forsvar og angrep