– Det blir ikkje avhøyr av sikta i dag, det er og uklart om det blir i neste veke, stadfestar etterforskingsleiar Åge Løseth til NRK.no.
VG har skrive at obduksjonsrapporten av dei tre drepne syner at dei ikkje hadde skadar som tyder på at dei fekk tid til å forsvare seg. Dette vil ikkje Løseth seie noko om.
– Vi kjem ikkje til å gje nærare kommentarar til obduksjonsrapporten, både av omsyn til den vidare etterforskinga og av omsyn til dei pårørande.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
HELD KORTA TETT: Etterforskingsleiar Åge Løseth vil ikkje seie meir om det som skjedde på Valdresekspressen.
Foto: Alf Vidar SnælandVurderer avhøyr av ven
Løseth vil heller ikkje svare på om dei veit i kva rekkefylgje Margaret Molland Sanden, Brahim Khouya og Arve Kvernhaug vart drepne.
– Vi kommenterer ikkje noko knytt til det som skjedde i bussen. Vi har ein god del etterforskingsarbeid att. Vi må få tid til å gjere det, så får vi kome tilbake til den typen spørsmål seinare.
Men Løseth stadfestar opplysinga VG har kome med om at politiet gjerne vil snakke med mannen som vart henta av politiet i Øvre Årdal tidleg måndag morgon og som skal vere ein ven av den sikta.
– Det som er korrekt er at vi vurderer å prøve å få tak i vedkomande med tanke på eit avhøyr. Det er ikkje teke endeleg standpunkt til det, men vi vurderer det fordi vi ikkje heilt kan utelukke at han sit med informasjon som kan opplyse saka.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
TIL MINNE OM MARGARET: På busshaldeplsssen på Årdalstangen, der Margaret Molland Sanden gjekk på bussen, har nokon lagt blomster.
Foto: Øvind Bye Skille / NRK– Står att betydeleg arbeid
Politiet er enno ikkje ferdig med avhøyra av asylsøkjarane og andre i Årdal som dei ynskjer å snakke med, seier etterforskingsleiar Åge Løseth.
– Vi har kome eit godt stykke på veg, men vi er ikkje heilt ferdige, vi held fram med det i dag.
Han vil ikkje seie noko om det som har kome fram i avhøyra.
– Eg ber om forståing for at på dette stadiet i saka er det umogeleg for politiet å gå ut med enkeltheiter i etterforskinga. Det står att eit betydeleg arbeid, vi må få den tida som krevst til å få gjort det skikkeleg.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: