Ifølgje bt.no skal den drapssikta mannen ha hatt lite kontakt med dei han budde i lag med. Men det var ein person han brukte mykje tid i lag med, då desse snakka same språk.
– Det var han som vart uttransportert måndag, stadfestar regionleiar i Hero, Bente Dalåker til bt.no.
Som NRK.no tidlegare har fortalt, vart den aller første uttransporteringa av asylsøkjarar som hadde fått asvlag, gjennomført måndag, same dag som trippeldrapet skjedde mellom Årdal og Tyin.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Skal ikkje ha vore informert
Det kan ha vore eit førevarsel for den trippeldrapssikta mannen frå Sør-Sudan. Han skulle bli den andre som vart uttransportert sidan mottaket i Årdal vart etablert i august.
Dalåker har tidlegare avvist at nokon av dei tilsette hjå Hero kan ha informert den drapssikta mannen om at han skulle sendast ut av landet tysdag.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Men at utsendinga av kameraten til den sikta kan ha trigga noko hjå han, kan ein ikkje sjå vekk i frå.
– Det vi veit er at slike utsendingar ofte skapar uro blant bebuarane på mottaket. Det oppstår rykte, og særleg dei som ventar på utsending, vert nervøse og redde for at det er deira tur neste gong, sa assisterande administrerande direktør for Hero Norge, Tor Brekke til NRK.no.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: