Hopp til innhold

– Paradoks at det er strengare krav til mopedistar enn til båtførarar

Ikkje alle dei nye båteigarane i Noreg har båtførarbevis. Spørsmålet er kor lenge dei får halde fram utan.

Kurt Hellesen

SNART TOM: Båtseljar Kurt Hellesen ved Solheim Diesel i Florø har selt så mange båtar at han fryktar han vil gå tom om salet held seg oppe framover.

Foto: Fredrik Helland / NRK

– No har eg snart ikkje fleire å selje, seier Kurt Hellesen ved Solheim Diesel i Florø.

Tidlegare i april meldte Finn.no at trafikken på båtplass-annonsar er 69 prosent høgare enn den var i fjor. Tal frå Småbåtregisteret viser same tendens.

Hellesen trur alt båtsalet skuldast at mange vil feriere lokalt i år, og seier at han stort sett sel til erfarne sjøfolk.

Ynskjer seg obligatorisk opplæring

Men ikkje alle dei nye båteigarane er like erfarne.

I Noreg er personar født før 1980 fritatt frå kravet om båtførarbevis. Dei kan føre båtar opptil 15 meter utan å måtte vise til et kvalifikasjonsbevis.

Eit tankekors, meiner Ole Irgens, som er kommunikasjonssjef i Tryg forsikring.

– Om du skal ut i trafikken og køyre moped, må du ha ein ganske omfattande opplæringspakke. Men om du skal ut på sjøen og er over 40 år, så kan du køyre ein båt på opptil 15 meter utan noko form for opplæring, seier han.

No ynskjer han seg obligatorisk opplæring for alle som skal ut på sjøen.

OLE IRGENS; kommunikasjonssjef Ole Irgens i Tryg Forsikring:

Kommunikasjonssjef i Tryg Forsikring, Ole Irgens

Foto: Tryg Forsikring

– Vil ikkje seie at sikkerheita er dårleg

Dag Inge Århus, kommunikasjonsdirektør i Sjøfartsdirektoratet, nøyer seg med å oppmode til det same:

– Eg meiner det må vere mogleg for alle som skal ferdast med fritidsbåt å tileigne seg kunnskap, og å ta båtførarprøven, seier han.

Årleg tar sjøulykker livet av om lag 30 nordmenn.

– Vi skulle gjerne sett at talet på omkomne kom heilt ned i null, men vi vil likevel ikkje seie at sikkerheita er dårleg, for det er veldig mange som brukar fritidsbåtar, seier Århus.

– Ekstra stort ansvar

– Eg vil oppfordre alle båtbrukarar til å ta ekstra stort ansvar og vise gode haldningar til sjøs i sommar, seier statssekretær Jan Christian Kolstø i Nærings- og fiskeridepartementet.

I fjor sommar la regjeringa fram ein sjøsikkerheitsmelding om fritidsbåtar. Meldinga inneheld tiltak som skal bidra til økt tryggleik for fritidsbåtbrukarar. Eit av tiltaka dei drøftar er eit høgfartssertifikat.

– Denne vurderinga er Sjøfartsdirektoratet godt i gang med. Den skal over til departementet innan 1. juli i år. Så dersom det blir aktuelt å innføre et høgfartssertifikat, så kjem nok ikkje dette på plass i sommar, seier Kolstø.

Han legg til at:

– Sjølv om dagens båtførarprøve ikkje er obligatorisk for alle, kan politiet ilegge et køyreforbod til personar som ikkje har plikt til å ha båtførarbevis.

Dag Inge Aarhus, kommunikasjonsdirektør i Sjøfartsdirektoratet

Dag Inge Aarhus, kommunikasjonsdirektør i Sjøfartsdirektoratet

Foto: Grethe Nygaard / Grethe Nygaard

Likar å køyre fort

Attende i Florø er Nina Gjervik blitt stolt eigar av ein heilt ny båt.

– Eg må ha båt for å kome meg til ferieplassen min, seier ho.

Ho fortel at ho er glad i å køyre fort, men aldri «uvettig».

– Eg ser ein del unge folk som køyrer fort på stadar der det kan vere litt skummelt. Det er ikkje alle skjer og holmar som er tydeleg merka, så eg anbefaler folk om å køyre forsiktig og på plassar der dei er kjende.

Nina Gjervik

SKUMMELT: – Eg ser ein del unge folk som køyrer fort på stadar der det kan vere litt skummelt, seier Nina Gjervik.

Foto: Privat