Reknar med kaos på sjøen i sommar: – Ferske båtførarar er nøydde til å øve

Mange uerfarne båtførarar på vatnet denne koronasommaren bekymrar Redningsselskapet. – Eg forstår bekymringa, seier fersk båtkjøpar.

Gard Ask Knutsen

FØREBUDD: Redningsselskapet har full beredskap i heile sommar og førebur seg på svært travle månader, seier Gard Ask Knutsen på redningsskøyta Uni Kragerø. Han håpar alle ferske båtførarar tar seg tida til å øve før dei legg ut på langtur.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Nordmenn innser no at denne sommaren blir den store heimesommaren.

Det har mellom anna ført til at båtsalet har eksplodert.

Det er ikkje uproblematisk, ifølgje Redningsselskapet. Dei trur mange kjøper det første og beste dei kjem over.

– Kombinasjonen uerfarne førarar og nye båtar gjer at vi er sikre på at vi får ein veldig travel sommar. Vi har allereie hatt mykje å gjere, sjølv om vi berre er i april, seier Gard Ask Knutsen, operativ leiar på redningsskøyta Uni Kragerø.

  • Sjå lista over tips og råd til ferske båtførarar i faktaboksen
båtliv

Nordmenn elskar båtlivet, og denne spesielle sommaren vil gjere at endå fleire vil trekkje mot sjøen.

Foto: Nina kristiin Vraa / NRK

Skumle situasjonar

Truls Kvaran frå Porsgrunn er éin av mange som no har kjøpt sin aller første båt.

– Eg heiv meg rundt då eg skjønte at det ikkje blir nokon tur til hytta i Spania i sommar, seier Kvaran.

Truls Kvaran

Truls Kvaran er fersk båtkjøpar, men ikkje fersk båtførar. Han tippar dette blir ein sommar med enormt mange båtar på vatnet.

Foto: Privat

Han kjenner båtlivet godt og har hatt båtlappen i mange år, men forstår likevel at Redningsselskapet er bekymra.

– Eg trur det blir kaotisk ute på vatnet i år. Det er nok òg mange ferske båtførarar som er fødde før 1980, og dermed ikkje treng å ta båtførarprøven. Det vil skape skumle situasjonar.

Finn.no: – Heilt hinsides

Den store båtinteressa blir stadfesta av marknadsplassen Finn.no.

I perioden 1. - 26. april er det selt 51 prosent fleire brukte båtar, og 24 prosent fleire nye båtar på Finn.no, samanlikna med same periode i fjor.

– Eg slit med å finne superlativ som er dekkande for aktiviteten i båtmarknaden akkurat no. Det kan best beskrivast som heilt hinsides, seier Magnus Frøshaug Ryhjell, forretningsutviklar på Finn motor.

Magnus Frøshaug Ryhjell

Magnus Frøshaug Ryhjell i Finn.no seier han aldri har opplevd maken til pågang på båtannonsar som det han gjer no.

Foto: Finn.no

– Ikkje flautt å be om hjelp

Redningsselskapet trur det blir fleire oppdrag denne sommaren enn rekordsommaren 2018, då dei hadde 8.371 oppdrag.

I Redningsselskapets småbåtregister i april er det registrert 3000 nye båtar – mot 2000 i same månad i fjor.

Gard Ask Knutsen i Kragerø ber alle som får trøbbel på vatnet i sommar, om å ta kontakt.

– Det er ikkje flautt å ringje Redningsselskapet. Vi har full beredskap heile sommaren, og kjem heller éin gong for mykje enn éin gong for lite, seier Knutsen.

Status Norge

Sist oppdatert: 03.06.2020
8446
Smittet
27
Innlagt
237
Døde