Hopp til innhold

Her meiner dei å ha knekt «korps­koden»

Det er lenge sidan aspirantkorps har vore meir populært. I Sogndal får elevane bruke ein skuletime på speling.

Sogndal Skulemusikk

KORPSBOOM: Det er over 40 aspirantar i Sogndal skulemusikk. Enn så lenge har dei delt øvingane opp i to.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Eg hadde trudd vi kom til å vere mange, men ikkje mange, seier Oda Øgar.

Åtteåringen har spelt klarinett i nesten to månadar.

Rundt henne vrimlar det av instrument, pusseklutar, ventilolje og litt sur kornettblåsing.

Men litt rot er berre å rekne med når over 40 aspirantar skal gjere seg klar til øving.

Sogndal Skulekorps

Korpsøvingane er enn så lenge delt i to. Her speler dei som starta i haust.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

I Sogndal får aspirantane bruke ein skuletime på korpsøving, mens dei andre i klassen har anna skuleundervisning.

Vi forsvarar tiltaket med at dei som går på korps får musikkopplæringa si i den timen, seier dirigent Roar Sandnes.

Godt samarbeid mellom skule og krops er ein gjengangar for korpsa som har vakse, fortel generalsekretær i Norges Musikkorps Forbund (NMF), Kjersti Tubaas.

Stadig flere vil spille i korps: – Har betydd utrolig mye for meg

Høg rekruttering – mange fell frå

Rekrutteringa til skulekorps har ikkje vore høgare på 20 år, ifølge tal frå Norges Musikkorps Forbund.

Frå 2022 til 2023 kom nesten 2000 nye musikantar inn i korpsa. Veksten har halde fram inn i 2023.

– Vi ser at korps er populært og at mange unge har lyst til å spele eit instrument, seier Tubaas.

Krops over heile landet jobbar for å finne nye måtar å rekruttere spele-ivrige barn.

På Innlandet skule i Kristiansund ville plutseleg 40 elevar spele i korp etter at SFO-barna fekk tilbod om eit gratis semester med korps.

No, to år etter at prosjektet starta, har om lag halvpraten av aspirantane halde fram med spelinga.

– Vi hadde eit sjølvstendig korps som marsjerte på 17. mai og mange barn har funne seg ein kjempefin hobby, seier rekrutteringsansvarleg i Kristiansund skulekorps, Arne Larsen.

Men sjølv om rekrutteringa til korpsa er høg, fell mange musikantar frå.

Skulekorpsa har nasjonalt 2500 færre medlemmer enn i 2017.

Utfordringa er nemleg å få dei lovande musikarane til å bli verande i korpset.

Tubaas i NMF trekker fram tre ting ho trur er viktig for at dei unge skal halde fram i korpset; Betre omdømme for korpsa, godt samarbeid med kommunen og gode dirigentar.

Trur gåtur lokkar

I tillegg til godt samarbeid mellom skule og musikkorps, er det éin annan grunn dirigenten i Sogndal skulemusikk trur er viktig for den auka rekrutteringa.

Nemleg den om lag ti minutt lange spaserturen gjennom sentrum frå skulen til bygda sitt kulturhus.

– Eg trur mange synest gåturen og å vere i kulturhuset er litt spennande, seier Sandens.

Korpset begynte med å ha øvingane i kulturhuset i haust.

Sogndal Skulekorps

Dirigenten viser fram kva for nokre klaffar fløytistane skal trykke på.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

For aspirantane er det kanskje litt kjekkare å spele når dei er fleire.

– Det er gøy når vi er mange for då blir det meir lyd, seier Robin Dyrdal Øy.

Men nokre utfordringar kan det likevel vere.

– Det er gøy, men det blir litt lengre å vente når ein treng hjelp, seier Maria Kusslid.

Les også Korpsungdom opplever hets: – La meg ha min hobby, så kan du ha din

Lerstad skolekorps