Hopp til innhold

I mange veker har Man Li vore uroa for familien i Wuhan. No er dei uroa for ho

STORD (NRK): Man Li i Noreg og slektningane hennar i Kina har brått fått same fiende. – Me har aldri sett ei verd som har vore like mykje i same båt som no, seier professor i krisepsykologi, Atle Dyregrov.

Man Li

URO: Man Li ringer til familie og vener i Wuhan kvar dag for å høyra korleis det går.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Man Li har budd på Stord saman med sin norske mann dei siste ti åra. Ho har tett kontakt med familie og vener i heimbyen Wuhan, der koronautbrotet oppstod.

Fleire av dei har opplevd sjukdomen på kroppen. Svigerinna blei alvorleg sjuk etter å ha pleia faren, som døydde av viruset.

Ifølgje Man fekk ikkje 80-åringen plass på sjukehus då han blei sjuk.

– Dei eldre har vore spesielt utsette, og dei er blitt avviste av overfylte sjukehus, seier ho.

Ringer kvar dag

Utbrotet av koronaviruset starta i den kinesiske storbyen Wuhan i provinsen Hubei i desember i fjor. Sidan har fleire enn 3.200 menneske døydd av viruset der. I heile verda er dødstalet oppe i over 8.700.

To personar med munnbind går ned ei folketom gate i Wuhan, 28. januar.

TOMME GATER: Sidan 25. januar har folk i storbyen Wuhan vore isolerte i heimane sine.

Foto: Arek Rataj / AP

Kinesiske styresmakter seier no at dei har kontroll. For første gong sidan koronaviruset oppstod, er det torsdag ikkje meldt om nye lokale smittetilfelle i Kina.

Vener og familie er uroa for smitte i Noreg

Talet på smitta her i landet stig heile tida, og det har venene og slektningane til Man Li i Wuhan fått med seg.

Bryggen i Bergen under koronaviruset

UVANLEG STILLE PÅ BRYGGEN: Nordmenn gjer som kinesarane, og held seg heime under koronaoandemien.

Foto: Anette Berentsen / NRK

No er dei mest opptekne av at ho skal ta vare på seg sjølv.

– Eg har nok vore meir forsiktig dei siste vekene enn det nordmenn flest er. Eg veit kor alvorleg det kan bli. Folk må gjera det dei kan også her no.

– Aldri opplevd liknande

Mange land har sett i verk strenge tiltak for å avgrensa spreiing av koronaviruset.

Atle Dyregrov

– HEILT SPESIELT: Koronautbrotet fører til at verdssamfunnet utviklar ein felles identitet, meiner professor Atle Dyregrov.

Foto: Klinikk for krisepsykologi

Professor Atle Dyregrov ved Senter for krisepsykologi ved Universitetet i Bergen, seier mobiliseringa er ulikt alt anna i moderne tid.

– No er heile verda råka, og det utviklar seg ein kollektiv identitet der folk hjelper kvarandre. Me klarer lettare å kjenna på korleis personar i andre land har det.

Dyregrov understrekar at me framleis identifiserer oss mest med dei som er nærast oss og med land me har ei tilknyting til.

Kjensla av å vera i same båt er likevel større. Meir enn nokon gong ser me no kor avhengige me er av kvarandre, seier han.

Jobbar døgnet rundt på sjukehus

Man Li har dagleg kontakt med familien og venene i Wuhan. Mange har vore isolerte i heimane sine sidan 25. januar for å hindra spreiing av smitte.

Nokre veninner har jobba femti dagar i strekk på sjukehus.

– Alle som bur i Wuhan har eitt mål, og det er å kjempa mot viruset heilt til me har sigra over det.