Hopp til innhold

Biffy Clyro klare for Malakoff

I 2011 vart dei av fleire musikkmagasin kåra til verdas beste liveband. I sommar spelar skottane i Biffy Clyro på Malakoff Rockfestival.

Biffy Clyro til Malakoff 2013
Foto: Pressefoto

– Biffy Clyro er det perfekte Malakoff-bandet. Dei leverer kvalitetsrock av fremste internasjonal klasse, seier ein glad festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i ei pressemelding.

Han seier festivalen er ekstremt stolte over å få skottane til Nordfjordeid.

Bandet som tel tre personar har sidan debutalbumet i 2002 gitt ut fleire kritikarroste album.

I 2011 kåra NME og Q Magazine dei til verdas beste liveband, og skottane har spelt på dei største festivalane i Europa.

Dei vitja Hovefestivalen i 2010, og spelte ein energisk konsert som fekk strålande kritikkar.

I år er dei aktuelle med dobbeltalbumet "Opposites". I tillegg til Malakoff er dei bekrefta til Slottsfjellfestivalen og Bergenfest.

– Luktar svidd

– Vi har alt no ein ein lineup det luktar svidd av, meiner festivalsjef Naustdal.

Frå før av er artistar som The Hives, Kvelertak, First Aid Kit og Black Debbath klare for festivalen 18.–20. juli, men festivalsjefen seier det kjem meir.

– Vi slepp resten av programmet 26. mars, avsluttar Naustdal.

Det er 11. gong festivalen vert arrangert og i fjor var det utseld med 17.000 besøkjande.