Biffy Clyro, The Hives, Kaizers Orchestra, Bad Religion, Graveyard, Kvelertak, Morten Abel, Lars Vaular, CC Cowboys, LidoLido, Honningbarna og Eva & The Heatmaker er berre nokre av dei som skal stå på scena på rockefestivalen på Nordfjordeid denne sommaren.
Dermed ligg alt til rette for det som kan bli nok eit rekordår for festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.
– Eg klarar nesten ikkje vente eg altså, eg trur eg må skru av telefonen den helga å berre gå på konsert, seier Naustdal og legg til:
– Det å få Bad Religion for eksempel til Eid, det er heilt sensasjonelt. Og Biff Clyro og The Hives og Kaizers, nei eg kan nesten ikkje begynne på lista, seier han lukkeleg.
Håpa på ny rekord
I fjor sette Malakoff publikumsrekord med 17.000 besøkjande i løpet av helga. Det var kanskje spesielt imponerande med tanke på at vêrgudane slett ikkje spelte på lag med arrangørane.
Trass regn og gjørme møtte publikum opp i hopetal, og festivalsjefen gledde seg i fjor stort over suksessen. Då NRK snakka med han sist sommar håpa han på 20.000 besøkjande til årets utgåve.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
LIVE: Kaizers Orchestra skal få fart i publikum når dei står på scena i Eid til sommaren.
Foto: Steinar DrægniJubelen stod i taket
I samband med Påsketreff i Nordfjord sleppte festivalsjefen programmet for årets festival. Naustdal seier han kjende seg som reine rockestjerna då han stod på scena og fortalde kven dei hadde greidd å lokke til Nordfjordeid.
– Det var veldig god stemning. Fullt hus, masse folk og stemninga stod i taket, så det var veldig kjekt å vere sjef for Malakoff i går, seier han.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Frå før var det kjent at festivalen hadde booka inn ei rekkje rockeband, men i går vart altså det heile og fulle programmet presentert. Naustdal seier det ligg mykje hardt arbeid bak.
– Det er mykje hardt arbeid, ein lang prosess som til dels er frustrerande og dels veldig kjekk, seier han.
– Det er nesten som å leve inn tippekupongen kvar dag, av og til taper ein og av og til vinn ein.
– God miks
GLER SEG: Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal klarer nesten ikkje vente til festivalen blir sparka i gang 18. juli.
Foto: Stian Sjursen / NRKDei første fem banda som vart presentert var Black Debbath, Blood Command, Graveyard, Kvelertak og Witchcraft. Alle band som Naustdal skildrar som innan den litt harde rockesjangeren.
Men som ein ser av programmet er det også musikk som treff eit breiare publikum.
– Vi har ein veldig god miks, både for dei yngre og dei midt i livsfasen. Vi har spedd på med ein del kommersielle artistar for folk flest, seier festivalsjefen.
– Vi er på ein liten plass på Vestlandet, og ein må ha ein del artistar som kan dra det breie publikumet. Det er viktig å ha ytterkantane, men vi skal framleis vere ein tydeleg rockefestival.
Set saman «supergruppe» frå fylket
På sentrumsscena kan folk denne helga også få seg ein spesiell musikals oppleving når Malakoff i samarbeid med NRK set saman tre artistar frå Sogn og Fjordane til ei aldri så lita «supergruppe».
Eva Weel Skram, Sigrid Moldestad og Alexander Pavelich skal presentere songane sine saman.
– Eg trur det kjem til å bli veldig, veldig bra. Det er tre knallflinke musikarar som eg er sikker på kjem til å lage noko heilt spesielt, seier Naustdal.