– Allereie no er det solgt fleire billettar enn ved festivalstart i 2012, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i ei pressemelding. I 2012 enda publikumstalet på 17000.
Det er tydeleg at både publikum og artistar gler seg til årets festival, og med band som The Hives, Biffy Clyro, Bad Religion og Kaizers Orchestra er det ikkje anna å vente.
– På Malakoff skal alle finne noko dei likar, og det har dei tydlegvis gjort, seier festivalsjefen.
Fullt med telt - ledige campbillettar
Festivalcampen på Malakoff Rockfestival er kjent for å vere ein samlingsstad for både tilreisande og lokal ungdom. I år har interessa vore svært stor. Då dei siste teltplassane vart lagt ut for sal tysdag morgon var alle solgt på sju minutt.
– Eg må innrømme at eg vart litt overaska over at dei gjekk så raskt unna. Sjølve festivalcampen er større enn nokon gong. Vi har no ikkje ytterlegare plass eller kapasitet til å utvide talet på telt, men det er framleis fullt mogleg å kjøpe festivalpass med inngang til campen. Vi arbeider også med å få fram andre løysingar for overnatting og teltplassar - følg med på nettsida vår og i sosiale media, seier Arnt-Ivar Naustdal.
Campen er med meir enn 600 teltplassar og 4000 gjester allereie ein av dei største festivalcampane i landet.
– Erfaringsmessig så er folk kreative med å skaffe seg overnatting med kjentfolk på Eid, eller organisere seg på anna vis, seier Arnt-Ivar Naustdal. Han understrekar at det framleis er mogeleg å kjøpe festivalpass med inngang til campen. Dette gjev adgang til både festival og campområdet. Det er også mogeleg å kome seg heim til store delar av regionen med transporttilbodet til festivalen.
Dugnad og musikk
I tillegg til alle som har kjøpt billett er det også mange som har meldt seg som frivillige.
– Vi treng alltid fleire folk, så det er berre å ta kontakt dersom du vil vere frivillig. Dei som brukar nokre timar og tek to vakter i løpet av helga får festivalpass og kan kose seg på festival utanom vakttidene, seier Arnt-Ivar Naustdal.
Også blant dugnadsfolket merkar ein at det nærmar seg festival. Mange arbeider med planlegging av festivalen i lang tid i forkant, og desse siste vekene vert det lagt ned mange dagsverk for å tilfredsstille det gode ryktet festivalen har opparbeidd.
– Vi opplever at Eidasamfunnet er stolte av Malakoff, vil at dei som kjem skal ha ei god oppleving og vil bidra, seier Naustdal. Å utvikle festivalen frå 650 til 20000 deltakarane på 10 år er noko alle frivillige har vore med på.