Hopp til innhold

I år blir det kvit jul mange stader

Har du snø utanfor stoveglaset ditt no, kan du mest truleg gle deg over kvit jul.

Kvit jul

KVITT I FØRJULSTIDA: I Førde i Vestland har det blir kaldare i det siste, og snøen har lagt seg på bakken. Slik vil det truleg halde seg både her og elles i landet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det ser eigentleg ganske lovande, seier statsmeteorolog Eldbjørg Moxnes ved Meteorologisk institutt.

Dei siste dagane har vore kalde mange stader i landet.

– Og kald luft legg seg over heile landet i løpet av helga. Varsla er sjølvsagt litt usikre, men det ser ut som kulda held seg ei god stund framover.

Det betyr altså at om du har snø no, vil du mest truleg få behalde den snøen ei stund framover – og truleg til jul.

Har sett på siste 30 åra

– Det blir meir julestemning når det er kvitt.

Det seier klimavakt Matilda Hallerstig hos Meteorologisk institutt. Her har dei sett på om sannsynet for snø på julaftan basert på statistikk for dei siste 30 åra.

Det er indre strok av Austlandet, Finnmarksvidda og fjellområda som framleis er det mest snøsikre.

– Nokre stader er det 100 prosent sikkerheit at det blir kvit jul, som på Tynset, Røros og Rauland.

Og medan det er 90–100 prosent sikkert enkelte stader, viser tala til dømes berre at det er 20 prosent sikkert i Bergen.

– I Bergen var det sju år med kvit jul i perioden 1991 til 2020, og resten av åra var det ikkje snø på julaftan. Det er jo på Vestlandet det er mildast vintrar i Noreg, seier ho.

Sannsynlegheit for kvit jul 2022

Kor stor er sjansen for kvit jul hos deg, skriv Meteorologane på Twitter ❄️Dei har sett på kor ofte det har vore snø på julaftan dei siste 30-åra.

Foto: Meteorologisk institutt

Blir meir og meir sikkert

Men i år kan det altså bli snø og kaldare mange fleire stader.

Moxnes seier at det nesten er ei veke til julaftan kjem inn i langtidsvarselet, men at det blir meir og meir sikkert for kvar dag som går

– Det vil ikkje vere så mykje nedbør som kjem no. Men frå neste veke er det meir lågtrykk. Og kjem det nedbør blir det som snø.

Difor ser det eigentleg ganske lovande ut for kvit jul, med ho tek eit atterhald om at det kan komme mildare luft som smeltar snøen.

Julestjerne på Kråkerøy i Fredrikstad. 
Foto: Ingrid Mathilde Langvik/NRK

Slik ser det ut på Kråkerøy i Fredrikstad. Også her har snøen kome.

Foto: Ingrid Mathilde Langvik / NRK

Trur på kvite bakkar

Dei siste to dagane har det kome mykje snø enkelte stader i både Møre og Romsdal og i Trøndelag. Dette har ført til store problem. Moxnes seier det kraftige snøfallet har roa seg og trur heller ikkje dette vil halde fram.

– Er det enkelte stader det er heilt urealistisk at det blir kvit jul?

– Nei, det trur eg ikkje. Skal eg tippe blir det snø dei fleste stader. Om ikkje som skiføre, så i alle fall som kvitt på bakken.

Og med eit kvitt dryss, så blir det gjerne litt lysare og lettare utandørs i den mørkaste tida.

– Vi vil vel helst ha kvit jul. Det er jo fint med julelysa ute no, men snøen gir det vesle ekstra, seier Moxnes.

Les også: Store snømengder første til kaos

Busstrafikken har trøbbel i snøkaoset
Busstrafikken har trøbbel i snøkaoset

Snø og vinter på Borestranda i Klepp kommune 1. juledag 2021.

Det skjer ikkje kvart år, men det var kvitt Borestranda på Jæren i julehelga i fjor. Blir det slik i år, tru?

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK