Hopp til innhold

Hytteeigarar vurderer søksmål mot staten

Noregs Hytteforbund vurderer å saksøke staten på grunn av høge straumprisar.

Høyspentmast og strømledning i hyttefelt på Sjusjøen

VURDERER SØKSMÅL: – Vi merkar det ekstra godt sidan vi er dei einaste bustadane som ikkje får straumstøtte, seier styreleiar Trond Hagen.

Foto: Anne Næsheim / NRK

Noregs Hytteforbund har engasjert advokatar for å vurdere om dei kan gå til sivilt søksmål mot staten.

Bakgrunnen er at regjeringa gir straumstøtte til hushaldningar, men ikkje til hytter.

Vi er dei einaste bustadane som ikkje får straumstøtte, seier Trond Hagen, som er styreleiar i Noregs Hytteforbund.

Han har tidlegare argumentert med at «hytta er ein del av husholdningen» og difor burde vore omfatta av straumstøtta.

Frå 1. september vert straumstøtta auka frå 80 til 90 prosent når spotprisen er over 70 øre per kilowattime.

Men om lag ein halv million hytter i Noreg er framleis ikkje inkludert i ordninga.

Pandemien har ført til at norske hytter og «fritidsbustader» vert brukt meir enn tidlegare, og det politiske spørsmålet er kor vidt desse overnattingane er «ein del av husholdningen» (som Hagen seier) eller om dei representerer ein form for «luksusforbruk» som staten ikkje skal subsidiere.

Veldig, veldig urettferdig

Interesseorganisasjonen Norsk Hyttelag representerer om lag 10.000 hytteeigarar. Dei støttar Noregs hytteforbund i det prinsipielle, men meiner at eit søksmål ikkje er vegen å gå.

– Vi vil heller ha ei forståing for at dette er veldig, veldig urettferdig, seier generalsekretær Audun Bringsvor.

NRK har tidlegare skrive om hytteeigarar som flytter permanent på hytta for å få rett på straumstøtte.

Noregs Hytteforbund trekk fram ei rekke lover som dei vil undersøke om staten har brote:

  • Vannfallsrettighetsloven
  • Vassdragsreguleringsloven
  • Pristiltaksloven
  • Energiloven
  • Avtaleloven

I tillegg vil dei granske om det har vore brot på forskrifter og EØS-avtalen.

Statistisk sentralbyrå har analysert hytteeigarane som kjøpte hytte i 2013, og fann at desse har vesentleg høgare inntekt enn gjennomsnittet.

– Om du har råd til å ha hytte, burde du ikkje og ha råd til straumen?

– Jo, men alt innanfor rimelege grenser, det same gjeld med hus, seier Hagen.

Les også Ekspert før dyr strømvinter: – Hytteeierne bør virkelig bekymre seg

Vedsekker

Ikkje færre besøkande

I Myrkdalen på Voss kryr det av hytter opp mot skianlegget. Hyttegrenda ligg i eit av dei dyraste prisområda (NO5).

Men ordførar i Voss herad Hans-Erik Ringkjøb synest at ordninga fungerer slik ho er:

– Eg synest ikkje det er noko grunnlag for å utvide ordninga til fritidsbustadar, seier Ringkjøb.

Noregs Hytteforbund meiner at dei høge straumprisane vil føre til at hyttefolket ikkje lenger vil ha råd til vere på hytta, og at handelen vil stogge opp i dei typiske hyttekommunane.

Voss-ordførar Ringkjøb håper at dei likevel vil ta turen.

– Eg håper at hytteeigarane vil få seg ein tur til hyttene, trass i høg straumpris og heller reduserer forbruket andre stadar, seier han.

Hyttefelt med mange hytter og mye snø i Trysil.

Trysil er ein av Noregs mest populære hyttekommunar. Ifølge ordføraren byggast nye hytter som aldri før i kommunen.

Foto: Lise Åserud

Med 6530 hytter i kommunen, kan Trysil skilte med nest flest i landet, berre slått av Ringsaker med 6981.

– Eg har ikkje merka at det har blitt færre besøk eller mindre interesse for hytter, seier Erik Sletten, ordførar i Trysil.

Sletten meiner det er vanskeleg å få til eit rettferdig system, men seier at næringa må kome før fritidsbustadar.

– Det er viktigare å få til gode løysingar for næringa som er målretta og rettferdige, seier Sletten.

Delte syn i energikomiteen

– Venstre er ikkje for å innføre ei straumstøtteordning for fritidsbustadar, seier Ola Elvestuen, i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Han får støtte frå Ove Trellevik i Høgre:

Eg trur ikkje det er rom for å prioritere hytter og fritidsbustader i denne runden som no kjem.

Men ikkje alle medlem i komiteen vil skilje mellom husværa.

Sofie Marhaug i Raudt synest ikkje dagens ordning fungerer som ho skal. Ho vil bruke pristiltakslova til å setje ein fast makspris på straum.

Raudt sitt framlegg om makspris gjeld alle kundar i Noreg, det skil ikkje mellom fritidsbustader og andre bustadar.