Ifølgje politistasjonssjef i Flora, Nils Erik Eggen, er det truleg mange som køyrer med promille utan eingong å vere klar over det.
Grunnen er at folk gløymer kor lenge alkoholen faktisk sit att i blodet. Dette er ekstra aktuelt no i julebordssesongen, seier Eggen.
I Stryn sentrum vart ingen tekne med promille i blodet under ein kontroll i går, søndag. 85 førarar vart testa.