Hopp til innhold

Hypokonderlegen: – Lat myndigheitene tenke katastrofetankane for deg

Ingvard Wilhelmsen er landets fremste ekspert på helseangst. Han har eit råd til alle som fryktar å bli smitta: La myndigheitene ta seg av katastrofetenkinga.

Korona testsenter poliklinikk Ullevål sykehus

FØLG RÅDA: Hypokonderprofessor Ingvard Wilhelmsen har klare råd til dei som har mykje angst for å bli smitta.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

I mange år har Ingvard Wilhelmsen behandla pasientar med alvorleg helseangst, eller hypokondri, på Haraldsplass sjukehus i Bergen.

Men med pandemien blei det brått veldig mange fleire som engstar seg for å bli sjuke og døy.

– Ein del hypokondrar har gått med angst i mange, mange år. Så seier dei til meg, «no kan folk sjå korleis vi har det til vanleg», seier professor Wilhelmsen.

Som psykiater og indremedisinar held han foredrag, skriv bøker og snakkar om kva som er normalt og ikkje normale tankar om sjukdom.

– Det er heilt normalt å vere litt redd for å bli smitta. Eg pleier å seie at dei som ikkje var litt engstelege då Noreg blei stengd ned 12. mars, dei burde gå i terapi.

– Normale tankar

Han seier at det er normalt å ha angst for ein farleg, smittsam sjukdom. Men han er tydeleg på at den angsten kan bli heilt lammande for mange i kvardagen.

– Det er eigentleg heilt normale tankar, problemet med katastrofetankane er at svaret ligg i framtida og det svaret kan du ikkje finne no. Det einaste du kan gjere no er å følgje råda.

– Men kva skal folk gjere om dei har slike tankar no?

– Du skal ikkje prøve å skubbe dei vekk. Einaste du skal identifisere er om at denne tanken er noko eg kan gruble meg fram til eit svar på no. Dersom svaret ligg i framtida, så må den berre vere der.

Ingvard Wilhelmsen

GOD SØVN: Ingvard Wilhelmsen er sjølv i risikogruppa. Men han velger å ikkje tenke på kva som kan skje om han blir smitta.

Foto: Jan M. Lillebø

– Høyr på myndigheitene

I nyheitsdatabasen Retriever er det over 144.000 treff på ordet covid-19 og over 220.000 treff på ordet korona. Folk sin hunger etter informasjon om pandemien er enorm.

Men hypokonderlegen ber oss likevel om å prøve å overlate til ekspertisen og tenke dei verste tankane.

– Eg tenker som så at Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet og regjeringa er betalt for å katastrofetenke. Kvar enkelt nordmann er ikkje betalt for det, så vi skal berre høyre etter kva vi skal gjere.

– Pass på søvnen

– Men kva gjer du sjølv då i denne situasjonen?

– Eg har tenkt at om eg blir smitta, då har eg tenkt å ha eit godt immunapparat som mogeleg. Då må du sove godt, ete godt og trene litt ekstra. Om eg blir smitta, så skal covid-19 møte meg i toppform, seier Wilhelmsen.

Han er sjølv pensjonist og såleis i risikogruppa, og driv hypokonderklinikken i 20 prosent stilling. Berre dei sjukaste får time hos han.

Difor har han følgjande råd til alle dei andre som no har sterk koronaangst:

  • Følg råda og pålegga frå myndigheitene
  • Sørg for at du får god søvn og et godt
  • Pass på å vere litt ekstra fysisk aktiv om du kan
  • Aksepter at det er ein usikkerheit og risiko