Hopp til innhold

Mista jobben då fabrikken blei lagt ned – no får Terje ein ny sjanse fem timar unna

36 tilsette mista jobben då Nyrstar la ned fabrikken i Høyanger. No kjem Hydro inn som ein reddande engel og sørgar for at mange får jobb på Husnes.

Terje Ljotebø (Nyrstar)

TRYGGARE FRAMTID: Terje Ljotebø er ein av dei frå Nyrstar som no blir med over i Hydro-systemet og midlertidig jobb på Husnes.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Tidlegare i haust varsla nederlandske industrikonsernet Nyrstar at dei stoppar produksjonen av resirkulert metall i Høyanger i Sogn.

Det fekk mange til å bli både oppgitt og forbanna, ikkje minst dei 36 tilsette som heilt utan forvarsel fekk beskjed om at dei mista jobben.

No har mange av dei fått tilbod om jobb på Hydro Husnes i Sunnhordland, fem timar køyring unna. Avisa Ytre Sogn omtala saka først.

Ein av dei som har fått nytt jobbtilbod er Terje Ljotebø, tillitsvald og mangeårig tilsett. I dag er han godt nøgd med at Hydro no stiller opp for dei som mista jobben i Nyrstar.

Sjølv om det betyr vekependling frå Sogn til Sunnhordland.

– Dette er uansett ei veldig gledeleg nyheit, seier Ljotebø til NRK.

– Slepp å uroe seg

Ordførar i Høyanger, Petter Sortland, var ein av dei som reagerte sterkt.

– Akkurat no er det visst meir lønnsamt å gjere denne type produksjon i Søraust-Asia og Kina. Bedrifta gjekk jo utruleg godt, så dette er berre trist.

Men no får mange av dei Nyrstar-tilsette ein sjanse til ny jobb i Hydro-systemet.

På Husnes har Hydro behov for mykje arbeidskraft i samband med at ein av aluminiumshallane skal startast opp igjen.

Sjølv om dette er ei midlertidig løysing, er hovudtillitsvald Lars Kjetil Skeie, svært nøgd.

– Det betyr at dei går ei jul i møte der dei faktisk er i arbeid og slepper å uroe seg over å bli arbeidsledige, seier Skeie.

Nyrstar i Høyanger

NEDLAGT: Nyrstar sin fabrikk ligg inne på Hydro sitt anlegg i Høyanger, der resirkuleringsverksemda leigde lokale.

Foto: NRK

Skreddarsydd opplegg

Førebels har 10–12 av dei Nyrstar-tilsette takka ja til å pendle til Hydro på Husnes.

Hydro og fagforeiningane lagar no ordningar som gjer det mogleg at folk kan reise heim i helgene.

– Vi skreddarsyr skiftplanar og pendling no, seier Skeie.

Terje Ljotebø og kollegaene på Nyrstar rosar Hydro for at dei no kunne leggje til rette for ein ny arbeidskvardag.

– Det har ikkje vore noko moro. Vi har ho hatt håp om at det skulle kome noko nytt, men det har vore stille frå Nyrstar. No tenker Hydro på oss, det er veldig bra, seier Ljotebø.