Hopp til innhold

No merkar Hydro-verka koronakrisa

Trass i auka omsetnad samanlikna med året før, går mange av verka til Hydro med store underskot. Selskapet gjer korona skulda for raude tal.

Hydro Aluminium i Sunndal

GODT KVARTAL: Aluminiumsverket i Sunndal gjekk 61 millionar i overskot

Foto: Roar Halten / NRK

Norsk Hydro hadde eit samla driftsresultat i tredje kvartal på 1,4 milliardar kroner. Sjølv om dette samla sett er ein auke mot fjoråret sine tal frå same kvartal, er det varierande grad av økonomiske gladmeldingar rundt omkring dei ulike verka i Vestland.

Særleg metallverket på Husnes i Sunnhordland har hatt eit krevjande år, og presenterte eit underskot i tredje kvartal på 98 millionar kroner.

Hydro sitt anlegg på Husnes

DÅRLEG KVARTAL: Hydro Husnes gjekk nesten 100 millionar i underskot i tredje kvartal

Foto: Jostein Røstbø / Wikimedia

– Tredje kvartal var ein krevjande periode for Hydro Husnes. Det er framleis ein utrygg marknad som følgje av covid-19, samstundes har vi lidd eit økonomisk tap på grunn av tilbakekjøp av overskotskraft, seier fabrikksjef Johan Berg på Husnes til NRK.

Metallverket skulle etter planen starta opp ein ny produksjonshall i 2020. Dette har blitt utsett grunna koronakrisa, og Hydro har dermed selt straum dei ikkje trengde med tap til rekordlåge marknadsprisar.

Johan Berg, fabrikksjef Hydro Husnes

OPTIMIST: Fabrikksjef ved Hydro Husnes, Johan Berg, ser lyst på framtida trass i eit dårleg resultat for tredje kvartal

Foto: Tale Hauso / NRK

Låge metallprisar

Koronapandemien har ført til låg etterspurnad på metall. Når etterspurnaden går ned, går òg prisen ned. Dette vert peika på som ein av årsakene til det svake driftsresultatet frå metallverka.

Trass i låge metallprisar, er produksjonskapasiteten på veg opp, og prisen på aluminium vert styrka.

–Eit lite, men fleksibelt verk

Det minste verket ligg i Høyanger, og er eit av to som gjekk med overskot. Fabrikksjef Arne Martin Kjærland meiner storleiken på metallverket har vore ein fordel med tanke på evna til å omstilla seg.

– Når volumet går ned, justerer me oss etter marknaden ganske raskt, seier Kjærland til NRK.

Arne-Martin Kjærland er Hydro sin nye fabrikksjef i Høyanger.

LITE VERK: Arne Martin Kjærland er fabrikksjef på verket i Høyanger. Det er Hydro sitt minste verk, og gjekk i pluss i tredje kvartal.

Foto: Hydro/Marius Motrøen / Hydro/Marius Motrøen

Han ser positivt på framtida, men minner om at valutakursen gjer at resultatet vert unaturleg bra.