Høyring om Vigilo-saka i Bergen: – Langt meir alvorleg enn venta

LITTERATURHUSET I BERGEN (NRK): Opposisjonspartia i Bergen vurderer mistillit mot skulebyråden i Bergen etter høyringa i Vigilo-saka.

Skolebyråd Linn Kristin Engø og kommunaldirektør Trine Samuelsberg under Vigilo-høring i Bergen

HØYRING: Skulebyråd Linn Kristin Engø (Ap) flankert av Tor Woldseth (Frp) og kommunaldirektør Trine Samuelsberg.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

I oktober 2019 blei det kjend at Bergen kommune hadde gitt foreldre utan foreldreansvar tilgang til opplysingar om barn gjennom appen Vigilo.

Mobilapplikasjonen skal gjera kommunikasjonen mellom føresette og skule og barnehage enklare og sikrare, men har skapt frykt blant fleire foreldre i Bergen.

Etter dei mange avvika med skuleappen kravde Høgre i Bergen høyring. Tysdag måtte skulebyråd Linn Kristin Engø (Ap) i over sju timar svara på spørsmål i utval for barnehage, skule og idrett.

Høgre har varsla at det kan bli aktuelt med mistillitsforslag mot skulebyråden på grunn av saka.

– Når eg høyrer kva som kjem fram i dag, er det heilt klart langt meir alvorleg enn venta. Dette styrkar overhovudet ikkje tilliten vår til byråden. Men eit eventuelt mistillitsforslag må vi kome tilbake til, seier fraksjonsleiar Marte Leirvåg (H) i utvalet til NRK.

– Det er ingenting som kjem fram i denne høyringa som aukar tilliten til arbeidet som er gjort av skulebyråden og byrådsavdelinga, seier utvalsleiar Mikkel Grüner (SV).

Marte Leirvåg og Eivind Nævdal Bolstad under Vigilo-høringen i Bergen

VURDERER MISTILLIT: Marte Leirvåg og Eivind Nævdal Bolstad i Høgre vurderer om det skal kome mistillitsforslag mot skulebyråden i Vigilo-saka.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Mor: – Søv med balltre i senga

NRK har tidlegare fortalt at ei mor valde å flytta fordi barnefaren hadde fått informasjon om kor barnet gjekk på skule.

Tilgangen til ekssambuaren blei fjerna, men skaden var skjedd. Ein e-post med namn på skulen barnet går på hadde blitt sendt til barnefaren.

I januar skreiv Bergens Tidende at mora som først meldte frå om det alvorlege avviket i Vigilo, sov med balltre i senga i frykt for at ekssambuaren skulle oppsøka henne og barnet.

– Når ei mor oppgir at ho må sova med balltre i senga, viser dette kor alvorlege fylgjer saka har fått for enkeltpersonar, seier Leirvåg til NRK.

Vigilo-appen

APP: Også andre stader i Noreg har skuleapplikasjonar som Vigilo skapt utfordringar, men konsekvensane har vore størst i Vigilo-saka i Bergen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Advokat: – Livet fall i grus

Tysdag møtte bistandsadvokat Kristine Aarre Hånes i høyringa. Der presenterte ho historia til mora, som først gjorde Bergen kommune merksam på feilen i Vigilo.

Hånes fortalde om ei kvinne som tidlegare hadde levd i eit sambuarskap prega av vald og psykisk terror.

Etter å ha avslutta sambuarskapet, fekk både kvinna og barnet i seinare tid nytt namn. Barnefaren fekk besøksforbod.

Alt fall i grus då barnefaren fekk e-posten med namnet på barnet sin skule, fortel advokaten. I tillegg til skulenamnet, låg det ei nedlastingslenke i e-posten.

Dersom faren hadde trykt på lenka, ville han også fått tilgang på barnets nye namn i tillegg til skuleinformasjon.

– Livet hennar fall i grus den dagen. No ønsker familien tryggleiken tilbake. Ein trygg og normal kvardag utan bekymringar, slik dei hadde det før Vigilo, sa Aarre Hånes.

I dag betalar Bergen kommune leigeutgiftene for henne og barnet på ei ny adresse. Kvinna har fått valdsalarm frå politiet, ifølge advokaten.

Mikkel Grüner under Vigilo-høring i Bergen

UTVALSLEIAR: Mikkel Grüner i SV er samd med Høgre i at skulebyråden og byrådsavdelinga ikkje kjem godt ut av høyringa om Vigilo-saken.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Skulle aldri skjedd

Under høyring påpeika skulebyråd Linn Kristin Engø (Ap) at ho har teieplikt i saka, men understreka at loggføringar i Bergen kommune viser at den aktuelle ekssambuaren aldri opna tilgangen i Vigilo som han fekk tilsendt på e-post.

– Desse avvika skulle aldri ha skjedd, og denne historia er det sentrale eksempelet på konsekvensane, sa Engø.

Utvalsleiar Mikkel Grüner lurte på om advokaten meinte at klienten og hennar barn var utsett for fare.

– Potensielt sett, ja. No seier byråden at vedkomande aldri logga seg inn i Vigilo, men skadepotensialet er der, sa Hånes, som meiner Bergen kommune har handtert saka til hennar klient på ein dårleg måte.

– Eit minefelt

Representantane til Høgre var blant dei mest aktive under høyringsrunden og stilte fleire spørsmål til byråden om kva risikovurderingar Bergen kommune gjorde då det blei bestemt av Vigilo skulle fasast ut både i skulen og barnehagen.

I utgangspunktet skulle kommunikasjonsappen ikkje takast i bruk i barnehagen før hausten 2020, men tidlegare skulebyråd Roger Valhammer (Ap), no byrådsleiar i Bergen, ønskte ei parallellinnfasing.

Prosjektgruppa som styrte utrullinga av Vigilo delte ikkje den oppfatninga, fordi det blei vurdert at arbeidspresset ville bli stort.

Byrådsavdelinga tilførte meir ressursar, og gjennomførte ei parallell utfasing hausten 2019.

– Det høyrest ut som at det er eit minefelt Bergen kommune har bevegd seg inn i her. Er det ingen i kommunen som har løfta det at det må vera ein openberr risiko knytt til personvern? spurte Eivind Nævdal-Bolstad (H).

Byråd Engø omtala utrulllingsprosjektet som eitt av dei største i Bergen i fjor. Ho fekk vekevise oppdateringar om status.

Fraksjonsleiar Marte Leirvåg (H) lurte på om Engø, som tiltredde som skulebyråd i april i fjor, hadde spurt om risikoen for personverntryggleiken i nokre av møta.

– Nei. Eg var ikkje kjent med risiko knytt til parallellinnføringa, svara ho då.

Vigilo høyring Bergen

FORVENTA MEIR: Skulebyråd Linn Kristin Engø (til venstre) måtte fleire gonger vise til teieplikta under høyringa i saka. Ho sa også at kommunen forventa meir av leverandøren av Vigilo-appen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Vigilo: – Vi åtvara

Den alvorlege feilen oppstod når nye data blei importert frå Folkeregisteret og «la seg over» tilpassingane som Bergen kommune gjorde i systemet.

Administrerande direktør i Vigilo, Øystein Viland, erkjente under høyringa i dag at dei i større grad kunne ha åtvara mot at foreldre utan foreldrerett kunne få tilgang i appen.

Likevel peika han på fleire gongar i løpet der Vigilo informerte kommunen om risikoen ved å henta opplysingar frå Folkeregisteret inn i Vigilo.

I fjor sommar var mellom anna kundar av Vigilo samla på Gardermoen for å få ei innføring i bruk av systemet. På dette møtet fanga ikkje representantane frå Bergen kommune risikoen ved å overføra personopplysingar

Skulebyråden skisserte ei tidsline for når og på kva måte Bergen kommune blei gjort merksame på utfordringar med innfasinga av Vigilo.

I sitt innlegg slo Linn Kristin Engø fast at kommunen forventa meir av leverandøren.

– Me forventar også ein leverandørstøtte av høgare kvalitet enn det me fekk av Vigilo. Det har me tatt opp med Vigilo og det opplever me også at Vigilo har tatt på alvor, sa Engø.