Kripos kopla inn etter at foreldre med besøksforbod fekk tilgang på info om barn

Vest politidistrikt har varsla Kripos om app-saka i Bergen. No har skular og barnehagar i heile landet fått tilsend nye tryggleiksråd.

Vigilo-appen i bergen kommune

VIGILO: Bergen kommune tok i bruk appen Vigilo til skulestart no i haust. Tryggleiksbresten skjedde i vår, men blei fyrst oppdaga tre månader seinare då ei mor såg at faren til barnet låg inne i appen.

Foto: Therese Pisani / NRK

Onsdag førre veke blei det kjent at Bergen kommune hadde gitt foreldre med besøksforbod tilgang til opplysningar om barn på hemmeleg adresse, og at Datatilsynet hadde blitt varsla om saka.

Opplysningane hadde blitt gjort tilgjengelege gjennom den nye skuleappen Vigilo.

I ein e-post til NRK stadfestar Kripos at dei er involverte i saka. Dei blei varsla av Vest politidistrikt etter at politiet hadde blitt kjent med tryggleiksbresten.

Kripos blei varsla 6. september, tre dagar etter at kommunen oppdaga feilen. Same dag kontakta Kripos Vigilo, og har hatt dialog med selskapet sidan.

Kripos har også tatt kontakt med trusselkoordinatorar i alle politidistrikt i Noreg om saka.

Skjerper rutinane

Etter dialogen med Kripos sende selskapet Vigilo ut eit notat til alle kommunar og andre som nyttar appen.

Der gir dei tydelege råd til kommunane om kva dei bør gjere for å betre tryggleiken i appen.

Selskapet ber blant anna kommunane oppdatere listene frå Folkeregisteret hyppig og køyre vedlikehaldsprogram for dataa kvar dag. Dei rår også kommunane til å etablere eigne rutinar for oversikt over personar med behov for vern.

– Det beste tryggleikstiltaket er å ha god datakvalitet. Det får ein ved å ta hyppige uttrekk frå Folkeregisteret. Her trur eg at kommunane har litt ulik tradisjon for kor ofte dei trekker ut data, seier Øystein Viland, administrerande direktør i Vigilo AS.

Feilen i Bergen oppstod då kommunen lasta ned nye data frå Folkeregisteret utan etterpå å leggje til informasjon om mellom anna besøksforbod i appen.

Bergen rådhus

BEKLAGAR: Bergen kommune har beklaga tryggleikssvikten, som blant anna omfattar tre barn som bur på hemmeleg adresse. Så vidt kommunen veit har ikkje saka fått konsekvensar for familiar.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Vigilo skriv også i notatet at dei har gjort endringar som vil sikre at blant anna foreldre som ikkje har foreldreansvar ikkje blir lagt til i appen.

– Sjølv om datahandsamingsansvaret ligg hos kommunane, har vi gjort tiltak for å dobbeltsjekke at kommunane har tatt vekk personar som ikkje skal ha tilgang, i fall kommunane ikkje gjer det dei skal, seier Viland.

Han understrekar at selskapet også tidlegare har sendt ut brev til kommunane om utfordringar rundt appen som dei bør vere merksame på.

– Vi har informert jamt og trutt, og hadde også ei samling for kommunane i juni. Vi har skissert alle mogleg tenkelege scenario. Alle kommunane har hatt dette på plakaten, seier Viland.

Har kontakta alle politidistrikt

Vigilo har ein fjerdedel av skulane i landet og ein tredel av barnehagane som kundar.

Jonas Fabritius Christoffersen

KRIPOS: Jonas Fabritius Christoffersen er seniorrådgjevar i kommunikasjonseininga til Kripos.

Foto: Politiet

Kripos har eit spesielt ansvar for arbeidet med å verne personar på hemmeleg adresse i Noreg.

I tillegg til dialogen med selskapet, har Kripos altså kontakta politidistrikta om tryggleiksbresten og kva dei no bør vere merksame på.

– Vi har hatt dialog med trusselkoordinatorane i politidistrikta, for å sikre at dei er klare over situasjonen og endringane som er blitt gjort, skriv seniorrådgjevar i Kripos sin kommunikasjonsseksjon, Jonas Fabritius Christoffersen, til NRK.

Det synest Øystein Viland, administrerande direktør i Vigilo, er bra.

– Det er bra at Kripos gjer jobben sin, men det er sjølvsagt dumt at det er bruken av vår løysning som gjer dette nødvendig.

Vest politidistrikt opplyser til NRK at den konkrete saka i Bergen så langt ikkje er meldt til politiet.