Mor har fått valdsalarm etter at ekssambuar blei lagt til i skuleapp

Gjennom appen til Bergen kommune fekk den tidlegare valdelege sambuaren hennar vite kor barnet gjekk på skule. No har kvinna fått valdsalarm av politiet.

Vigilo-appen

UTRYGG: Gjennom appen Vigilo fekk ekssambuaren vita ved kva skule barnet går på skule. No har kvinna fått valdsalarm, fortel advokat Kristine Aarre Hånes.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Tidlegare denne månaden blei det kjend at Bergen kommune hadde gitt foreldre utan foreldreansvar tilgang til opplysningar om barn gjennom Vigilo-appen.

Kvinna varsla sjølv skulen i starten av september då ho oppdaga at ekssambuaren var lagt til i appen. Tilgangen blei fjerna, men skaden var skjedd. Ein e-post med namn på skulen barnet går på hadde blitt sendt til barnefaren.

Ein mann som hadde utsett mor for både psykisk og fysisk vald. Som fann ho då dei prøvde å flytte.

Ho og barnet har difor både flytta fleire gonger og byta namn. Dei siste åra har dei budd same stad og kjent seg trygge.

– Det var paradis. No føler eg meg ikkje trygg i det heile, seier kvinna til NRK.

Kristine Aarre Hånes

ADVOKAT: Kristine Aarre Hånes fortel at kvinna kjenner seg så utrygg at ho har fått tildelt valdsalarm av politiet. Ho fryktar at barnefaren skal dukke opp.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Bad om valdsalarm

Familien bur ikkje lenger på sperra adresse og har heller ikkje eit gjeldande besøksforbod. Etter at opplysningane om kor barnet gjekk på skule blei delt med ekssambuaren, forsvann likevel tryggleiken for kvinna.

– Eg er på vakt heile tida. Kvar gong eg høyrer ein lyd ute må eg ut for å sjekke, fortel ho.

Denne veka gav politiet henne valdsalarm. Kvinna gjekk sjølv og bad om det fordi ho kjenner seg utrygg, og politiet fann grunnlag for å innvilge det etter Vigilo-hendinga.

– Valdsalarmen er til hjelp når ho kjenner seg så utrygg som ho gjer no, seier kvinna si advokat, Kristine Aarre Hånes.

BT har tidlegare skrive om korleis kvinna blei råka av tryggleikssvikten i Bergen. NRK har tidlegare fortalt om ei kvinne i ein kommune på Austlandet som også fekk delt informasjon om barnet med ein far utan foreldreansvar gjennom Vigilo-appen.

Også ho kjenner seg no så utrygg at familien vil flytte til ein ny skulekrins.

Vil ha økonomisk hjelp

Tysdag hadde kvinna i Bergen eit møte med kommunen, der både skulebyråd Linn-Kristin Engø (Ap) og kommunaldirektør Trine Samuelsberg var til stades. Det var kommunen som tok initiativ til møtet.

– Vi hadde eit godt og konstruktivt møte der eg oppfatta at kommunen ønska å bidra med det dei kunne, men det står att å sjå om dei faktisk tar det ansvaret, seier Hånes.

Familien treng økonomisk hjelp for å etablere seg på ny, og er redd det vil ta tid å finne ein ny, permanent stad å bu.

– Det er to ting som er viktig for min klient no. At ho igjen skal kjenne seg trygg, og at ho ikkje skal lide økonomisk tap fordi ho må flytte grunna ein feil kommunen har gjort.

Kvinna reagerer på at prosessen har tatt tid.

– Eg har ikkje så veldig tiltru til at kommunen kjem til å ordne opp.

Linn Kristin Engø (Ap)

ANSVARLEG BYRÅD: Linn Kristin Engø (Ap).

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Glad for møtet

Kvinna var i møte med kommunen første gong for over ein månad sidan. Skulebyråd Linn Kristin Engø (Ap) ynskjer av omsyn til teieplikta ikkje å kommentere tidsbruken.

– Eg har i dag hatt eit hyggeleg og konstruktivt møte med mora, og eg er glad for at ho tok seg tid til å møte meg. Utover det opplever eg å vere bunden av teieplikta, og ønsker difor ikkje å kommentere innhaldet i møtet, skriv Engø via sin rådgjevar i ein e-post til NRK.

Advokaten meiner kommunen bør kome med konkrete tiltak som vil hjelpe familien å etablere seg på ein ny stad raskare.

– Min klient opplever at det har tatt alt for lang tid. Ho treng å få tilbake tryggleiken, og det har enno ikkje skjedd, seier Hånes.

Høgre-politikar Henning Warloe gjekk tysdag ut i BA og bad kommunen stoppe all bruk av Vigilo og krevje at leverandøren tar produktet tilbake. Onsdag orienterte Engø og kommunaldirektør Trine Samuelsberg oppvekstkomiteen om saka, og sa mellom anna at dei ikkje har noko alternativ til Vigilo per i dag.