Hopp til innhold

Her er årets julegåve til alle frå oss i NRK til alle i Sogn og Fjordane

No når julefreden er i ferd med å senke seg, så har vi i NRK Sogn og Fjordane lyst til å gje dykk ei musikalsk julegåve.

Sogn og fjordane songen framført av Ola Weel Skram og Aspirant- og jentekoret i korskulen i Førde Kyrkje

HJARTEVARME TIL EIT FYLKE: Ola Weel Skram saman med jenter frå korskulen i Førde i desember 2019.

I dag slepper vi den flunkande nye versjonen av Sogn og Fjordane-songen framført av NRK-journalist og artist Ola Weel Skram. Med seg har han aspirant- og jentekoret ved korskulen i Førde.

– Dette er ein fin song om det fylket vi elskar, men som frå nyttår blir ein del av Vestland. Men vi vil for alltid vere sogningar og fjordingar, seier Skram.

Han er stolt over å kunne føre denne musikalske arven vidare. Før han kunne starte innspelinga, måtte han avklare med opphavsmennene.

– Heldigvis sa både tekstforfattar Ottar Wiik og komponist Kåre Sandvik ja.

Kåra til mest populære song

Sogn og Fjordane-songen blei av NRK-publikum kåra til den mest populære låten frå fylket vårt i 2017. Då var opphavsmann Ottar Wiik svært glad.

– Du verda! Dette er svært gledeleg. Men kanskje på sin plass? Songen er skriven om og for Sogn og Fjordane fylke, og dette er ekstra gledeleg i desse dagar når fylkesframtida står på spel, sa Wiik den gongen.

Det var Olav Stedje som spelte songen inn første gongen, men den versjonen har aldri blitt gitt ut.

Spelt inn rett før jul

Så blei den spelt inn i samband med ein konsert i Vik i 2015 med Einar Bolstad på vokal. Den blei lagt ut på NRK Sogn og Fjordane si Facebookside og har over 410.000 avspelingar!

– Det er ein svært vakker song, eg er blitt oppriktig glad i den. Eg ser at borna har teke den til seg, det er gledeleg, seier Wiik.

Denne nye versjonen blei spelt inn no i slutten av desember 2019 i Dan Mikal Ripe Frøystad sitt studio på Ulltang i Førde.

– Han stilte opp på kort varsel og eg er veldig glad for at vi no kan gje denne innspelinga som ei julegåve til alle i Sogn og Fjordane, seier redaksjonssjef Linda Olin Reite.