Ellen Horn.
Det seier teatersjef Ellen Horn etter at ho såg framsyninga i Bergen.
- Eg hadde klump i halsen og tårer i augene fleire gonger. Det står respekt av eit samfunn som tør å opne seg på denne måten. Eg trur det er viktig at vi gjer meir av det i dette landet, seier Horn.
Rasisme som tema
"Saman skal vi leve" kan bli satt opp på Riksteateret allereie neste haust. Stykket som er satt opp av Sogn og Fjordane teater, har rasisme som tema. Førestillinga handlar om lagnaden rundt Arve Beheim Karlsen sin død i 1999.
Terje Lyngstad. Foto: NRK
Viktig for teateret
Teatersjef i Sogn og Fjordane, Terje Lyngstad, seier at ein slik sjanse ikkje berre er viktig for temaet som stykket tek opp, men òg for teateret si sjølvkjensle.
- Det betyr veldig mykje for oss å komme ut. Vi får vise at vi har profesjonell scenekunst i distriktet, og vi får vekke interesse og engasjement i eit mykje breiare lag av folket, seier Lyngstad.
Vil nå ut til fleire
Saman skal vi leve tek opp eit viktig og vanskeleg tema på ein god måte. Difor ynskjer Horn at framsyninga skal bli ein del av Riksteateret og på den måten nå ut til fleire.
- No må vi i samarbeid med Lyngstad sjå korleis vi praktisk kan løyse dette, seier ho.