Hopp til innhold

Høgre snur: Opnar for omkamp om «Noregs raraste kommune»

Høgre har vore ein garantist for samanslåtte Kinn. No vil dei ha folkerøysting om saka.

Kinn Kommune

«RAR» KOMMUNE: Kinn kommune er splitta i to delar, med ei anna kommune i midten. Florø og Måløy er senter i dei to tidlegare kommunane Flora og Vågsøy.

– Eg trur ikkje vi får noko ro rundt saka før vi høyrer på folk, seier gruppeleiar Arlene Vågene i Kinn Høgre.

Tysdag kveld vedtok lokallaget at dersom det blir eit krav om folkerøysting om Kinn kommune, vil partiet bøye seg for det.

Det var Firdaposten som først omtalte saka.

Etter samanslåinga i 2020 ligg nye Kinn kommune splitta nord og sør for Bremanger kommune.

Køyretida mellom dei to tidlegare kommunesentera Florø og Måløy er på over to timar.

Tidlegare statsminister Erna Solberg (H) har kalla Kinn Noregs «mest spanande kommune», men samstundes er motstanden sterk.

– Det er eit tydeleg krav og veldig sterkt engasjement rundt det her, som ikkje gir seg, seier Vågene.

Arlene Vågene

LYTTE TIL FOLKET: Gruppeleiar Arlene Vågene i Kinn Høgre opnar for folkerøysting om framtida til den samanslåtte kommunen.

Foto: Nils Ole Refvik / NRK

Skuffa

Sidan 2020 har det vore eit samarbeid mellom Ap, Høgre og Venstre i Kinn.

Ordførar Ola Teigen (Ap) legg ikkje skjul på at han er overraska og skuffa over Høgre sitt vedtak.

– At vi no kanskje skal sette i gong ein reverseringsprosess, vil bety at vi får seks år som vil vere fullstendig bortkasta.

Ola Teigen

OVERRASKA: Ordførar Ola Teigen seier reversering vil føre til store problem for Kinn dei neste åra.

Allereie ved neste kommunestyremøte i desember kjem saka til å bli diskutert.

Teigen fryktar ein prosess der Kinn ganske raskt kan ende opp som eit forretningsministerium, medan ein ventar på at dei tidlegare kommunane oppstår igjen.

Fleire større byggeprosjekt kan bli sette på vent, åtvarar han.

Stor motstand

Tidlegare i haust bad Trygve Slagsvold Vedum tvangssamanslåtte kommunar starte prosessen med å løyse seg opp.

Regjeringa har lova å løyse opp kommunar og fylke som vedtek dette innan 1. juli neste år.

Men ettersom både kommunestyra i Vågsøy og Flora sa ja til samanslåing, blir ikkje Kinn definert som ei tvangskommune.

Difor er det førebels uvisst om Kinn kan følge same prosess som dei andre kommunane.

Størst motstand mot prosjektet har det vore i tidlegare Vågsøy, der kommunestyret gjekk inn for samanslåing i 2017.

Året etter stemte over 60 prosent mot samanslåing i ei rådgjevande folkerøysting, men kommunestyret sa nei til å søke om reversering av samanslåinga.

Motstanden førte til at bygda Bryggja fekk medhald i å skilje seg frå Vågsøy kommune.

Avrøysting om reversering av Kinn. Vågsøy kommunestyre

KNAPT FLEIRTAL: I 2018 sa Vågsøy nei til å reversere samanslåinga, med knapt fleirtal.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Krev omkamp

I ettertid har saka lege der som ein konstant klamp om foten for politikarar som har teke til orde for den nye storkommunen.

Facebookgruppa «Ja til reversering av Kinn» har allereie fått meir enn 1000 medlemmar.

Fleire hundre har skrive under på ein underskriftskampanje, der det blir stilt krav om folkerøysting.

Styreleiar i gruppa, Fredrik Egeberg, som også er kommunestyrepolitikar for Senterpartiet, meiner politikarane aldri har lytta til folkeviljen i denne saka.

– No må dei høyre på svaret. Dersom 50,1 prosent ikkje vil ha Kinn, då må vi reversere.

Han meiner også at reverseringa bør starte dersom det er fleirtal anten i tidlegare Flora kommune eller i tidlegare Vågsøy kommune.

– Det må ikkje bli slik at vi blir sittande som ein gissel i ei storkommune.

Fredrik Egeberg, Kinn Senterparti og Ja til reversering av Kinn kommune

– PÅ TIDE: Fredrik Egeberg meiner det er på høg tid med ei folkerøysting om framtida til Kinn kommune.

Foto: Benedikte Grov / NRK