Hopp til innhold

Ho har tatt eitt av dei beste bilda i verda

Frøydis Geithus reiser jorda rundt som bryllaupsfotograf. No er eit av bilda hennar kåra til eit av dei 100 beste bryllaupsbilda i verda dei siste ti åra.

Fotograf Frøydis Geithus

FJORD OG FJELL: Frøydis Geithus frå Sogndal har i mange år vore ein av dei fremste fotografane i Noreg.

Foto: Privat

Bildet under frå den norske fotografen Frøydis Geithus er eit av dei 100 beste bryllaupsbilda av dei som blei tatt det siste tiåret.

– Eg har nettopp fått vite det, så det har ikkje heilt gått opp for meg. Dette er jo berre eit av mange bilde eg har tatt, seier fotografen

Frøydis Geithus sitt bilete som er eit av dei 100 beste bryllypsbilda i verda.

Det er teke på ein plass som heiter Monemvasia, ca 3 timar frå Aten. Paret heiter Maria og Gerasimos Kachramanoglou.

Foto: Frøydis Geithus

Leita i eit år

Det er juryen i «Worlds best wedding photos» som slår fast at bildet fortener plass på topp 100-lista. Dei har vurdert over 10.000 bidrag frå dei beste bryllaupsfotografane i verda.

– Vi skipa til fem konkurransar og venta eit år på å finne dei beste bileta, opplyser juryen på heimesida.

Juryen skriv at dei fokuserte på å finne dei mest strålande augeblikka, portretta, konsepta og stilane dei siste ti åra. Geithus fortel at ho prøvar å utfalde seg fritt når ho fotograferer.

Bryllupsbilde tatt av Frøydis Geithus.

LANDSKAP: Frøydis Geithus brukar meir enn gjerne naturen på Vestlandet som ramme for bryllaupsbilda ho tar.

Foto: Frøydis Geithus

Det gjorde ho også då ho tok bildet som no har fått plass i den gjeve kåringa.

– Det var fullmåne, og brudeparet stod ute på ein kant mot havet. Det var mørkt, så månelyset fekk spele rundt dei. Eg tilførte røyk og lét kjolen få bølga seg slik som havet. Litt av tanken var å fjerne andre element for å få dei i fokus, seier ho.

Vinnarbildet er teke i Monemvasia som ligg på fastlandet i Hellas.

Starta i Sogn

Geithus har base i Sogndal og Oslo, men har heile verda som arbeidsplass. På eit tidspunkt hadde ho 300 reisedøgn i året.

Geithus har fotografert brudepar i mange land, men aller helst tar ho bilda mellom fjord og fjell i Sogn.

– For seks-sju år sidan starta eg å ta bilde av brudepar her heime i naturen vår, og då eksploderte det. Eg har ikkje heimeside, men eg jobbar med store aktørar som eksempelvis Nikon. Dei får brudepara til meg, seier ho.

Dei som står bak kåringa er blant anna den kjende amerikanske forfattaren og fotografen Blair deLaubenfels.

– Takka vere dei ekstraordinære kunstnarane som har delt sitt arbeid og talent med oss, er vi sikre på at du vil synest at denne samlinga er overtydande, kreativ og rett og slett fantastisk, skriv juryen.

Bryllupsbildet til Sigrid Henjum og Sander Buene.

VED FJORDEN: Bryllaupsbildet til Sigrid Henjum og Sander Buene i 2017.

Foto: Frøydis Geithus