Hopp til innhold

Ho er 19 år og sit i formannskapet

ÅRDAL (NRK): 19 år gamle Hilde Horpen er truleg det yngste medlemmet av eit formannskap nokon gong.

Hilde Horpen

UNG OG ENGASJERT: Hilde Horpen (Sp) klar for sitt første møte i finansutvalet i Årdal kommune.

Foto: Elise Sundfør Erdal / NRK

Sjølv vil ho ikkje ha så mykje fokus på alderen sin, men meiner nettopp det at ho er så ung gir henne fordeler i politikken.

Denne veka var NRK med på møte i finansutvalet i Årdal kommune. Finansutvalet har den same samansetting som formannskapet. Hilde Horpen er vald inn for Senterpartiet og er ein av politikarane som sit samla rundt bordet i kommunestyresalen i Årdal for å diskutere kommuneøkonomi.

– Vi ser på korleis økonomien har vore dei siste åra og skal lage ein plan for korleis det skal vere dei komande åra.

Møte i finansutvalet i Årdal kommune

ALVORLEG TEMA: Kommuneøkonomien er ikkje særleg god i Årdal. No skal Hilde Horpen vere med på å stake ut kursen for å få kommunen ut av uføret.

Foto: Elise Sundfør Erdal / NRK

Vel mykje fokus på alderen

Ho har fått mykje merksemd. Som det truleg yngste faste medlemmet i eit formannskap nokon gong er 19-åringen van med å få spørsmål om alderen.

– Det er veldig mykje fokus på alderen, det at eg er så ung og ny. Men eg vil heller ha fokus på at eg faktisk skal vere politikar.

– Men kva fordeler gir det deg at du er så ung, trur du?

– Eg kjenner til ungdomssaker, og når eg er ny kan eg kome med nye innfallsvinklar og sjå ting på ein ny måte. Så fordeler er det. Ulempa er at eg av og til får det imot meg at eg er så ung.

– Veldig kjekt

– Korleis var det første møtet ditt?

– Det var veldig kjekt, eigentleg. Det var spennande å sjå korleis det var i forhold til kommunestyremøtet. Dette er ei mykje mindre gruppe enn kommunestyret.

– Er det lettare å ta ordet når det er færre folk?

– Det kjem an på tema, men i formannskapet er det veldig greitt tå ta ordet.

Hilde Horpen

– KJEKT, EIGENTLEG: Hilde Horpen trivst blant dei litt eldre politikarane.

Foto: Elise Sundfør Erdal / NRK

Vil gjere det bra på skulen

I tillegg til å sitte i formannskapet går Hilde Horpen i tredje klasse på vidaregåande.

– Eg er veldig oppteken av å fullføre skulen og gjere det bra der. Så det blir ein del skulearbeid. Eg må vere strukturert og planlegge godt.

– Men i dag går du glipp av ein heil skuledag. Kva seier læraren til det?

– Det er som det er. Eg har ein god dialog med læraren. Det gjeld å jobbe og ta igjen det eg går glipp av, så det går greitt.

Men sjølv om ho vil at folk skal vere opptekne av arbeidet ho gjer, håper ho at nettopp alderen hennar kan vere med på å vise andre ungdommar at politikk også gjeld dei.

– Det blir litt kjedeleg for mange, men når det er snakk om skulen ein går på eller fritidstilbodet, så angår politikken ungdom også. Så eg trur det er viktig å vise at politikk kan vere spennande.