Under valet til formannskapet blei ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap), avtroppande varaordførar Marie-Helene Hollevik (Ap) og påtroppande varaordførar Sandra Opheim (MDG) stroken på ei av listene, slik at dei fekk ei mindre personrøyst enn dei andre på lista.
Det kunne ha ført til at dei rauk ut av formannskapet.
Den valtekniske manøveren såg ut til å kunne velte Ap ut av ordførarkontoret. Aleksander Øren Heen, Sp sin ordførarkandidat, avviser at det var eit kuppforsøk.
- Les også: Sp vann valet, men tapte forhandlingane
HÅPA: Aleksander Øren Heen (Sp), her i samtale med Kurt Jevnaker (V), håpa i det lengste å bli Årdal sin nye ordførar.
Foto: Noralv Pedersen / NRK– Eg veit ikkje kven som har røysta på ei anna liste. Det er fullt lovleg å røyste på den lista du måtte ynskje og gjere dei endringane som lovverket opnar opp for. Det er demokratiet slik det fungerer, seier han.
Opposisjonen håpa å få dei tre toppkandidatane til Ap/MDG ut av formannskapet, noko som ville gjort dei uaktuelle både som ordførar og varaordførar. Etter Senterpartiet sitt sterke val i Ap-kommunen, hadde Øren Heen håp til siste slutt om å kapre ordførarklubba.
VARAORDFØRAR: Sandra Opheim (MDG) vart vald til varaordførar i Årdal.
Foto: Noralv Pedersen / NRKMen etter å ha sjekka realiteten opp mot jussen, vart det avdekka at strykningane ikkje fekk den følgja opposisjonen hadde håpa på. Øren Heen vart lansert som motkandidat, men måtte sjå seg slått med 11 mot ti røyster i avrøystinga.
Miljøpartiet De Grønne fekk varaordføraren i Opheim med 11 røyster. Ni røysta blankt, medan ei røyst vart forkasta.
– Eg er audmjuk, men eg gler meg til å vere med i politikken i Årdal og eit godt samarbeid i kommunestyret, seier varaordføraren.
FØLG DRAMAET: Opposisjonen prøvde å torpedera samarbeidet mellom Arbeidarpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne. (Foto/redigering: Steinar Lote, reporter: Per Kristian Grimeland)