Hopp til innhold

Aleksander Øren Heen (Sp) kan bli historisk

Med eit solid valresultat i ryggen og med ein tidlegare statsråd og partileiar som sjåfør, er Aleksander Øren Heen (Sp) på veg til Årdal for å gjere krav på ordførarvervet.

Aleksander Øren Heen og Liv Signe Navarsete

VIL KREVJE ORDFØRARVERVET: Aleksander Øren Heen og Liv Signe Navarsete på veg til Årdal for forhandle om ordførarvervet.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Vallogo

– Eg håpar alle respekterer valresultatet og det som er eit klart ynskje frå veljarane for dei neste fire åra, seier Aleksander Øren Heen.

Den 26 år gamle senterpartipolitikaren er i ferd med å bli historisk. I det som har vore kjent som Arbeidarpartibastionen framfor nokon i Sogn og Fjordane har Øren Heen og Senterpartiet fått 38,5 prosent og fem mandat i kommunestyret.

– Eg er veldig overraska sjølv og klarer nesten ikkje skjønne at det er sant.

Her kan du lese valresultatet frå Årdal.

Hardt slag for Ap

– Eg hadde nok venta ein store nedgang, men under 50 prosent, det såg eg ikkje kome, seier sitjande ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap).

Er du skuffa?

Arild Ingar Lægreid

SKUFFA: Sitjande ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Ja, klart eg skuffa, og kanskje mest for partiet sin del. Som ordførar har eg vore med på både opp og nedturar for Årdal-samfunnet, og hittil har det vore ein svært spanande jobb.

– Kva trur du kan vere forklaringa på det som har skjedd?

– Det er litt vanskeleg å analysere det akkurat i dag, men eg meiner det i frøste omgang handlar om legekontorsaka og at nokre har spelt på misnøye mellom Øvre Årdal og Årdalstangen, seier Lægreid.

– Eg håpar ikkje det berre er ei sak som gjer så stort utslag. Eg trur nok det er summen av fleire saker, seier Øren Heen.

Forhandlingar

For første gong blir det no forhandlingar om ordførarvervet i Årdal. Sidan 1950-talet har Arbeidarpartiet vore utilnærmelege, men no ligg det an til maktskifte.

– Eg har som mål å bli ordførar og klare å samle eit nytt fleirtal. Det ligg an til at vi kan få til eit grønt skifte, med tre grøne parti som saman med Høgre har fleirtal, seier Øren Heen.

– No er det til Årdal Arbeidarparti å bestemme om dei vil gå i forhandlingar om dei vel det, seier Lægreid.