Hopp til innhold

«Heldigvis er kjeringi trailersjåfør, so ho er vekke heile vekene. Det passar glimrande!»

Det skal køyrast fort, det skal køyrast sidelengs og det skal helst ikkje snurrast rundt. Sjå dokumentaren «Hjulspinn – ein dokumentarfilm om drifting» her.

Det skal køyrast fort, det skal køyrast sidelengs og det skal helst ikkje snurrast rundt. Sjå dokumentarfilmen Hjulspinn.

SJÅ DOKUMENTAREN: Hjulspinn – ein dokumentarfilm om drifting. (Filmen er laga som ein eksamensfilm ved Universitetet i Stavanger)

I ein gamal fjøs i Fardal i Sogndal er det lite som minner om gardsdrift når ein trør gjennom den litt låge døra.

På golvet står ein lyseblå Toyota Supra utan panser, motor eller seter. Like ved står motoren, langs veggane står eit øydelagd panser, bensinkanner og haugevis med bildekk. I eit hjørne står Alvin Lægreid med sveiseapparatet.

Alvin Lægreid

ALVIN LÆGREID

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det blir ein del skruing, og av og til må ein laga sine eigne delar til bilen for at alt skal passa, seier han, medan han sveisar på eit røyr som snart skal bli eit vassinntak i bilen.

Røyk og svidd gummi

Alvin Lægreid og Kenneth Nornes driv med drifting, ein motorsport som kort og greitt handlar om å sladda med bil (sjå faktaboks). Det skal køyrast fort, det skal køyrast sidelengs og det skal helst ikkje snurrast rundt.

Driftemiljøet i Sogndal og omland er ikkje stort, men dei som driv med det, brukar mykje av fritida si til sporten. Å gå på jobb, eta middag og så bruka resten av dagen i garasjen med å skru på bilen er ikkje uvanleg. Det er omtrent slik kvar einaste dag går føre seg for nokre av dei.

– Det blir vel kanskje seks til sju timar i «fjøsen», fem eller seks dagar i veka, seier Lægreid.

Kenneth Nornes

BILMEKANIKAR: Nornes er bilmekanikar og jobbar på Kaupanger.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Utanfor fjøsen svingar ein ny bil inn på plassen, og sekund seinare kjem Kenneth Nornes inn døra. Kompis, bilmekanikar og driftar.

– Heldigvis er kjeringi trailersjåfør, så ho er vekke heile vekene uansett. Det passar glimrande, flirer han.

Han skrur på andre sine bilar frå åtte til halv fire kvar dag, og sin eigen grøne Nissan Skyline på kveldane og i helgene. Trass i evinneleg justering av turbo, bensinsystem og anna som må til for at motoren skal yta 800 hestekrefter, blir han ikkje lei.

– Eg er i grunn heldig så har ein jobb som er så lik hobbyen min.

Riper i lakken

Alvin Lægreid (t.v.) og Kenneth Nornes

MYKJE SKRUING: Alvin Lægreid (med ryggen til) og Kenneth Nornes brukar mykje tid med å skru.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I Sogndal og området rundt er det på den gamle NAF-bana på Kaupanger at driftemiljøet samlar seg for å svi dekk og bulka støytfangarar. Dekk og støytfangarar i fleirtal, for drifting er ikkje ein sport du byrjar med om du er redd for å få ei ripe i lakken. Ein skal helst liggja så nærme inn- eller ytterkanten av svingane, og her er det ingenting som heiter tresekundsregelen når ein køyrer i lag med andre. Dekka står som regel stabla i depotet, klare til å skiftast på eit blunk.

– Det går vel gjerne eit sett dekk på ti minutt køyring eller noko slikt. Men det kjem jo heilt an på kva dekk eg har på, forholda på bana og kor hardt eg dreg på, seier Nornes.

Kenneth Nornes (t.v.) og Alvin Lægreid

Kenneth Nornes (t.v.) og Alvin Lægreid.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Å svi av eit dekksett på ti minutt høyrest ut som galskap for uinnvigde. Dekk er ikkje billig i butikken, men heldigvis er det ikkje alltid nye butikkdekk dei køyrer på. På trening går det i dekk som ikkje lenger held vegstandard eller av andre årsaker er blitt bytta, som dei får eller kjøper for ein billeg penge. Men for liten mønsterdjupn er ikkje god nok grunn til å skrifta dekk. Først når gummien er vekke, ståltråden i dekka ryk og det nesten dett av felgen, då er det på tide å byta det ut. Likevel er det ikkje mange rundane før fire nye må på. Og det er berre på trening. Skal ein hevda seg i konkurranse blir dekka dyrare og forbruket raskare.

– Det er jo ikkje billig. Det meste av det som går inn på konto, det går ut att i bilen, seier Lægreid. Han torer ikkje rekna på kor mykje han har brukt på bilen.

– Men det er jo ikkje berre dei faktiske verdiane, ein må jo også tenkja på alt arbeidet som ligg bak kvar einaste hest i motoren. Om ein skulle øydeleggja bilen får ein jo berre att det det kostar å fiksa den, ein får ikkje noko att for dei tusenvis av timane arbeid som ligg bak.

Drifting på Kaupangerskogen

DRIFTETREFF PÅ KAUPANGER: Frå eit driftestemne på Kaupanger.

Foto: Mats Gunnarskog/Mgdesign.no

Flammane stod opp av motoren

Når ein sladdar inn i ein sving i 170 kilometer i timen, kan ting fort gå gale. Og av og til gjer det nettopp det. Nornes har gått rundt med bilen eit par gonger, men er ikkje meir skvetten enn at han ler av det i etterkant.

– Me har jo veltebur, brannsikre dressar, hjelm og alt anna slik at det skal vera trygt. Det er berre å fiksa bilen og køyra på neste gong, seier han.

På veggen i fjøsen der Lægreid skrur, heng det eit panser med eit digert brannmerke midt på. For eitt år sidan, på Gatebil på Vålerbana, tok det fyr i bilen til Lægreid.

– Motoren var ny og girkassa var ny. Eg hadde vel køyrt fire-fem rundar. Då fekk eg ein bensinlekkasje i motorrommet. Eg stoppa bilen, vrengde av panseret og då stod flammane ein og ein halv meter rett til vêrs. Eg hadde ikkje sløkkjeutstyr i bilen, men heldigvis var det brannsløkkingsapparat rett ved der eg stoppa, så eg fekk sløkt det, seier han.

Det gjekk bra med både Lægreid og bilen, og bilen var faktisk køyrbar allereie dagen etter.

– Det set jo ein støkk i deg. Etter det monterte eg sløkkeutstyr i bilen. No kan eg berre trekkja i ein hendel, så er alt skumlagd.