Hopp til innhold

I denne sporten brukar dei opp eitt sett med dekk kvar gong dei trenar

 

Mange vil kanskje kalle det tyleskap, men drifting er blitt svært populært blant ungdom i Sogn. – Det kan gjere sjåførane tryggare i trafikken, seier dei som driv med det.

Breisladd, svidd gummi og stålkontroll på bilen er essensen i bilsporten drifting. Den er no på full fart inn i Norge og over 300 personar deltek i Norgescupen.

I Sogndal er dei 12 sjåførar som no driv aktivt med drifting.

– Dette er på ein måte burning og grisekøyring sett i system, og det er veldig moro, seier Alvin Lægreid (26).

Fart, sporval, vinkel og show

Bilsporten drifting kan for nok for mange verke som ukontrollert sladding, der røyken står tjukk og lukta av svidd gummi er målet for umodne sjåførar i oppråna bilar.

Akkurat slik er det nok ikkje. Ja, det er sladding, ja, det blir svidd gummi og ja, bilane er noko oppråna. Men drifting handlar også om kontroll. Kontroll på bilen og korleis den flyttar seg i stor fart.

Drifting er ei eiga grein innan bilsporten og ifølgje Norges Bilsportforbund sine reglar er det ein ferdigheitskonkurranse med bil der målet er å kontrollere ein bil i sladd gjennom ei løype av svingar.

Sjåføren får poeng frå ein jury som vurderer fart, sporval, vinkel og showfaktor.

(Artikkelen held fram under biletet)

Drifting på Kaupanger

DRIFTING: Sladding sett i system er blitt populært blant bilinteressert ungdom i Sogn.

Foto: Privat

– Vi får rasa frå oss

Lægreid har dei siste to åra brukt mykje tid og pengar på favoritthobbyen. Ein eigen klubb har sett dagens lys i Sogndal, og dei vert stadig fleire. For Lægreid har hobbyen forandra han som sjåfør.

– Eg merkar det godt på meg sjølv. Når eg får køyre litt gris, for å seie det slik, på bane, så har eg ikkje noko behov for å køyre fort på vanleg veg lenger, seier Lægreid.

Han er sikker i si sak når han hevdar at denne typen aktivitet kan gjere vegane tryggare.

– Folk får utløp for lysta til å grisekøyre på ei lukka bane i kontrollerte former. Samtidig får folk ein heilt enorm kontroll på bilen når dei får øve seg på å sladde på denne måten, seier Lægreid.

Og sjølv om den heseblesande køyringa blir gjort i kontrollerte former er det eit spesielt kick for dei som sit bak rattet.

– Du blir ganske fylt av adrenalin, det er heilt sikkert, seier Lægreid.

Trur det kan ha ein positiv effekt

Audun Heggestad i Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane trur denne typen bilsport kan ha positive effektar.

– Det finst ingen vitskaplege resultat som seier noko om folk får mindre lyst til å grisekøyre på offentleg veg, dersom dei får gjere det på bane. Men eg trur dette kan vere positivt, seier Heggestad.

Han understrekar at det er viktig at klubbane og miljø som driv med drifting er tydelege i sine haldningar. Mellom anna håpar han at klubbane vel å slå hardt ned på dei som driv med grisekøyring på offentleg veg.

– Dersom dei lærer seg å skrense og sladde på bane, og så gjer det på veg, då er det uheldig. Men om ein held seg til aktiviteten på bana og får gjort det ifrå seg der, så er det bra, seier Heggestad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Drifting på Kaupanger

KONTROLL: Det er om å gjere å vise at ein har full kontroll på bilen i bilsportgreina drifting. Biletet er frå bana på Kaupanger.

Foto: Privat

Ingen billeg hobby

Gjengen i NAF Motorsport Indre Sogn øver nesten kvar veke på bana som ligg Kaupanger. I fleire timar øver sjåførane seg på å få til den perfekte sladden gjennom svingane. Og det kostar.

– Det går med minst eitt sett med dekk kvar gong vi øver. Så det blir nokre sett med dekk i løpet av eit år, forklarar Lægreid.

Han seier klubben i Sogn har fått til avtalar med fleire bilverkstadar om å kjøpe gamle dekk.

– Dermed vert det litt billegare, men til konkurransane må vi ha gode dekk, seier Lægreid.

Klare for svidd gummi

Til helga er det klart for Driftweekend på bana i Kaupanger. Fleire av dei aller beste i Norge på drifting kjem til Sogn for å trene og det blir nok meir enn eitt sett med svidde dekk.

– Ein køyrer til det ikkje er meir dekk igjen, så når vi skal øve nokre timar, så blir det nok nokre sett med dekk som må skiftast ut ja, seier Lægreid.

Dermed er det duka for ikkje reint lite blårøyk, hestekrefter og kontrollert sladding. Bana er ifølgje arrangørane svært publikumsvenleg.

– Det er berre å ta turen.