Hopp til innhold

Her var det bånn gass i helga

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Blårøyken låg over bygda, det ulte i dekkgummien, og motorglade i alle aldrar koste seg. Denne helga vart det arrangert driftehelg på Kaupanger.

– Me har berre fått kjempegode tilbakemeldingar, og alle har hatt det kjempemoro, både publikum og sjåførar, seier Alvin Lægreid.

Lægreid driv med drifting sjølv, men denne helga parkerte han bilen til fordel for å vera løpsleiar på den gamle NAF-bana på Kaupanger.

– Heilt kanon!

På Facebook har tilbakemeldingane vore klare.

«Takk for en helt rå helg folkens. Var virkelig vert turen fra Sandefjord. Kommer tilbake neste år også;)»

«Takk for den beste helgen denne sesongen:-) Jeg har virkelig storkost meg. Fy f*** for en gjeng! Kommer garantert tilbake neste år også.»

– Det vart ein veldig bra avslutning på sesongen, seier Lægreid.

Denne helga vart den andre i rekka av driftehelger på Kaupanger. Også i fjor arrangerte NAF Motorsport Indre Sogn ei slik helg.

Sikkerheit først

Førarar frå heile landet kjem til Kaupanger for å svi gummi. Men ikkje eit einaste dekk blir spunne utan at sikkerheita er på plass først.

– Me har hatt masse dugnad for å få bana godkjend, slik at me har alt på stell. Sikkerheita er førsteprioritet, og me har brannmannskap og slikt på plass, seier Lægreid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Drifting på Kaupangerskogen

TETT KNIVING: Tre av bilane på årets Driftweekend.

Foto: Mats Gunnarskog/Mgdesign.no

Får truleg NM-runde

Bana på Kaupanger er kort og svingete, og blir av dei som kan drifting rekna for å vera ei særs vanskeleg og teknisk krevjande løype.

Denne helga var det opp mot 20 bilar i sving på asfalten, neste år kan det bli mange, mange fleire.

– Det er ei veldig krevjande bane. Ein lærer bilen sin å kjenna veldig godt. Ein kan gi litt på i svingane, ein kan liggja veldig nærme kanten utan å øydeleggje so mykje om ein skulle komma borti.

– Det var snakk om at me skulle få ein NM-runde i drifting her i år, men det vart ikkje på grunn av at me ikkje hadde fått alle godkjenningane me trengte. Dei har me no, so det blir truleg neste år, om NM-sirkuset vil koma hit.

Då kan motorglade i Sogn gleda seg til at heile norgeseliten i drifting tek turen til Sogndal.

– Det blir fort ein 60–70 bilar, seier Lægreid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Drifting på Kaupangerskogen

HER GÅR DET UNNA: Frå årets Driftweekend.

Foto: Mats Gunnarskog/Mgdesign.no

Rett i taket

No er det 12 sjåførar med bil i Sogndal. For fem år sidan var det berre éin.

– Det er ikkje alle som har lyst å spela fotball i Sogndal, og då er dette eit fint tilbod for dei som er bilinteresserte.

Ved fyrste augekast verkar drifting veldig dyrt. Styla bilar og dekksett etter dekksett som går opp i røyk. Og det er ikkje til å stikka under ein stol, det går litt pengar i det. Men Lægreid seier at ein fint kan byrja utan å ha det dyraste og flottaste.

– Ein kan fint kjøpa ein bil for 15 000 kroner, og leggja nokre tusenlappar ekstra i den, og so ha det veldig moro.

– Men blir det ikkje veldig mange dekk som blir brukt?

– Jau, sjølvsagt. Men me er so heldige at me har veldig mange velvillige bilverkstader i området. So når folk byter inn dekka sine, som er fullt brukbare til drifting, so får me dei gratis, seier Lægreid.

Du kan sjå fleire bilete frå Driftweekend på Kaupanger på Mgdesign sine Facebook-sider. (Ekstern lenke, NRK er ikkje ansvarleg for innhald)

Drifting på Kaupangerskogen
Foto: Mats Gunnarskog/Mgdesign.no