Ulukka skal ha skjedd eit stykke oppe i Nærøydalen, ved Skjerpi, ifølge politiet.
– Det er eit vitne som har sett at ein fallskjermhoppar har komme for fort ned, opplyste operasjonsleiar Bengt Ness hjå politiet til NRK i 19:30-tida.
NRK har no fått stadfesta at det i staden dreiar seg om ein basehoppar. Ein mann med utanlandsk statsborgarskap er død. AMK Helse Førde melder at personen er omkommen.
På SKJERPI: Politi og ambulanse er på staden.
Foto: Tiril Ure HyllandPersonen som såg hopparen, stod eit stykke unna.
– Vedkommande sat eit stykke unna og kan ikkje seie noko om tilstanden, men ringde oss, held operasjonsleiaren fram.
Området der ulukka skjedde, heiter Skjerpi, der det er fleire husstandar. Ifølge BT skal det ha vore ei blanding av utanlandske og norske basehopparar i ei gruppe som hoppa frå Nebbet.
Denne veka går Ekstremsportveko av stabelen på Voss. Men hoppinga onsdag i Gudvangen skal ha vore i privat regi.
Dagleg leiar Sofie Torlei Olsen i Ekstremsportveko seier til NRK at dei ikkje har arrangement i Gudvangen onsdag.