Kupen om overgang til Bodø/Glimt; kanskje ...kanskje ...

Avisa Nordland går langt i å hevde at Florø-stjerna Endre Kupen er på veg til Bodø Glimt og eliteseriespel neste sesong. Kupen sjølv skriv kanskje...kanskje... i SMS til supportersjefen.

Endre Kupen. Florø-Fredrikstad

MÅLSCORAR: Florø-profilen Endre Kupen nærmar seg Bodø/Glimt, skriv Avisa Nordland.

Foto: Truls Kleiven

Dette etter at toppscoraren til Florø har vore på besøk i Bodø dei siste dagane.

– Det er ikkje for å sjå på det fine vêret, stadfestar han til Avisa Nordland.

Avisa skriv at det lenge har vore klart at Glimt har lyst på 27-åringen, og siterer Kupen på dette:

– Det hadde vore veldig kjekt med Glimt. Det er jo eliteserie, og veldig spennande. Eg har fått eit bra inntrykk av klubben, og det er meir profesjonelt enn kva eg er van med, seier Kupen, til avisa.

NRK har fleire gonger prøvd å få tak i Endre Kupen torsdag ettermiddag, utan å lykkast.

Toppscorar

Endre Kupen er toppscoraren til Florø i 1. divisjon med 14 mål i år. I møta mot Bodø/Glimt vart det ingen scoring. Til Avisa Nordland forklarar Kupen kvifor.

Florø fotball. Endre Kupen

VIKTIG: Endre Kupen sette inn 14 mål for Florø denne sesongen og var ei viktig brikke for laget.

Foto: Truls Kleiven

– Eg var skada i det første oppgjeret, men fekk med meg kampen i Bodø. Då sikra Glimt seg opprykket, og de cruisa jo gjennom 1. divisjon. Det viser kva som bur i laget, seier mannen med 47 mål på 60 kampar for Florø.

Når Avisa Nordland spør kor aktuelt Glimt er, og om det kan bli signering før han reiser heim, svarar han:

– Glimt er veldig aktuell, og det kan fort skje noko før eg reiser. Eg har teke mange testar, og fått sjekka alt.

Til avisa er Glimt sin daglege leiar, Frode Thomassen, ordknapp om Kupen.

– Eg har ikkje snakka med han sjølv, men han er ein spennande spelar, seier Thomassen.

Trenaren: Ikkje lett å erstatte

Trenar Terje Rognsø seier til NRK at han ikkje veit meir enn at Kupen er i Bodø.

Terje Rognsø og Knut Erik Folland

AVVENTANDE: – Kupen er ikkje lett å erstatte, meiner trenar Terje Rognsø.

– Kupen er ikkje ein spelar vi har lyst til å miste. Men det er ei utfordrande sak, for vil Kupen til Bodø/Glimt, er han vanskeleg å halde igjen, mellom anna grunna alderen. Så dersom han vil dette, så blir det nok gjennomført, spår Rognsø.

Han vedgår at det blir ei utfordring å erstatte målscoraren.

– Vi har ingen ny Kupen å setje inn. Men reiser Kupen frå oss, er vi glad for at det skjer før jul og ikkje før sesongen, slik at vi får tid til å områ oss, seier Rognsø.

Supporterklubben: – Lykke til

Leiar for Florø sin supporterklubb «Stimen», Jon Håvard Strømsnes, tykkjer det er trist om Kupen går til ein annan klubb.

– Men vi skjønar det om han vil prøve sjansane andre stadar. Det er eit lite steg for han å gå til Bodø/Glimt, og vi ønsker han lykke til om det skjer, seier Strømsnes.

Sjølv har Strømsnes vore i kontakt med Kupen via SMS torsdag ettermiddag. Der svara Kupen på rykta om overgang med to ord; kanskje kanskje ...