Februar vart mild i store delar av landet, der Tromsø og Finnmark hadde den høgaste temperaturen over normalen.
Enkelte stader var månaden ekstra varm.
Jostein Mamen er forbløffa over at ein 155 år gammal rekord rauk i februar
Foto: Tom Ingebrigtsen / NRKHeilt sidan 1868 har målestasjonen ved Utsira Fyr levert vêrdata til Meteorologisk institutt. Det er såleis den vêrstasjonen i Noreg som har vore i lengst samanhengande drift.
I februar viste stasjonen 5,6 grader i månadsmiddeltemperatur. Det er det varmaste den har registrert.
– Det er ganske utruleg at så gamle rekordar ryk, seier klimaforskar Jostein Mamen ved Meteorologisk institutt.
Ikkje merka noko særleg
Ordførar Marte Eide Klovning smiler, noko som tyder på at det er eit arkivfoto. For vêret på Utsira er ikkje mykje å smila av.
Foto: Torkel Anstensrud Schibevaag / NRKUtsira-ordførar Marte Eide Klovning (Utsira Fellesliste) ser ikkje noko grunn til å feire februarrekorden.
Den nye rekorden er 0,1 grad varmare enn den førre rekorden frå 1990.
- Dei to setningane over vart endra tysdag i 19-tida, då dei gav uttrykk for at det var grunn til å feire rekorden.
Det vert nok heller ikkje kakefeiring på dei 188 innbyggarane med det første, for vêret på Utsira er ikkje som alle andre stader.
– Vinden gjer at alt kjennast kaldt her, seier Klovning.
Men sjølv om det kjennast kaldt er ikkje randoneeski det som går mest av på Joker Utsira.
Det er nemleg langt i mellom gongane snøen legg seg på øya. Det har helst vore vindtette jakker det har gått mykje av.
– Mer har helst uver og storm, seier Klovning
Fleire «varmerekordar»
Fleire plassar i landet har februar gjeve vêrrekordar, både når det gjeld varme og nedbør.
– Landstemperaturen var 2,7 grader over normalen. Dei største avvika var fire-fem grader over normalen i indre strok av Troms og Finnmark, fortel Mamen.
Middelvarmerekordar har vore mest vanleg på små øyer langs kysten, og både Kvitsøy og Fedje har hatt temperaturauke til liks med Utsira.
Også Fedje har hatt ein mild februar
Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRKFelles for desse kystkommunane er at dei har ei spesielt klima.
– Det er jamne klimatiske forhold, seier Kloving om vêret på kysten.
Vått i Nord-Noreg
Februar var ein månad med mykje vêr og vind for Nord-Noreg. Og det var spesielt i denne landsdelen dei merka nedbøren i årets andre månad.
Samla fekk Noreg 30 prosent meir nedbør enn normalt. Største avvika var frå dobbelt så mykje nedbør til tre gonger så mykje nedbør som normalt på enkelte stasjonar i Troms og Finnmark, og i vanlegvis tørre strok i Innlandet og Vestland.
Dei våtaste stasjonane var:
- Kvitfossen i Vågan (Nordland) 491,1 mm (81 prosent meir nedbør enn normalt)
- Opstveit (Kvinnherad, Vestland) 408,1 mm (34 prosent meir nedbør enn normalt)
- Øvstedal (Voss, Vestland) 397,4 mm (28 prosent meir nedbør enn normalt)
Samstundes fekk eit par stasjonar i Agder og Vestfold og Telemark frå 40 til 50 prosent mindre nedbør enn normalt.
Dei tørraste stasjonane var:
- Otta – Skansen (Sel, Innlandet) 13,5 mm (førebels ingen normal)
- Sihccajavri (Kautokeino, Troms og Finnmark) 18,6 mm (28 prosent mindre nedbør enn normalt)
- Krokstadelva – Langeløkka (Drammen, Viken) 20,4 mm (32 prosent mindre nedbør enn normalt)
Særleg Troms har merka ein auke i nedbør, og den eldste vêrstasjonen i Tromsø målte den våtaste februar i Tromsø sidan 1921.
Heile tre av vêrstasjonane i byen har registrert nye rekordar.