Hopp til innhold

Våren er komen – men kan bli kald

Bøndene sår grønsaker og slepp ut kyrne på Jæren. Men det er kanskje for tidleg, for mars ser ut til å bli kaldare enn normalt.

Gressløken spirer på Randaberg

Grasløken spirer på Randaberg i Rogaland.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det er ein fantastisk følelse. Vi har sparka i veggen sidan november da vi var ferdige med å hauste inn. Vi har gleda oss til våren, seier gulrotprodusent Asbjørn Stokkeland.

Han er ein av dei største gulrotprodusentane i Noreg med om lag 15 prosent av produksjonen. Gulrøtene han sår nå på Brusand på Jæren, skal vere ferdige til St. Hans.

Gulrotprodusenten Asbjørn Stokkeland på Brusand

Asbjørn Stokkeland har tru på at gulrot-sesongen i år blir veldig god.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Kald mars

Men frøa som har kome i jorda kan få ein litt seig start på vekstsesongen. Frå neste veke er det venta ein kuldeperiode over heile landet, fortel Erik Kolstad.

Han er klimaforskar ved NORCE og Bjerknessenteret for klimaforsking og leiar forskingssenteret Climate Futures, som gir ut sesongvarsel kvar månad. Kolstad seier ein vente seg kaldare vêr enn normalt for mars månad.

Det legges plast over frøene til gulerøttene som er sådd på Brusand på Jæren

Gulrøtene treng plast for å klare seg mot nattekulda. Med den kan dei klare nokre minus på natta.

Foto: Asbjørn Stokkeland

– Eg ser i langtidsvarselet til Yr at det er meldt minusgrader mange stader i Sør-Noreg i den første vårmånaden. Det ser ut til at vinteren held tak litt til, seier Kolstad.

Kor lenge kuldeperioden vil vare, er usikkert, men i alle fall neste veke blir kald.

Vanlegvis er det eit belte av kraftig vind frå vest i stratosfæren som styrer lågtrykka mot kysten om vinteren. Men nokre gonger bryt vindane saman eller skiftar retning, forklarer Kolstad.

– Då blir det typisk høgtrykk med fint og tørt vêr, og ganske kaldt.

Vårslipp av kyr

EIT SIKKERT VÅRTEIKN: Eirik Ravndal har slept ut kyrne sine på Jæren. Foto: Eirik Ravndal.

Trur det skal gå fint

Februar var usedvanleg mild i Rogaland. Hos Meteorologisk institutt ser de det same som Kolstad når det gjeld mars.

– Våren startar vinterleg, seier vakthavande meteorolog Martin Granerød.

Det blir kaldt frå Lindenes til Nordkapp, men i kystnære strøk påverkar temperaturen i sjøen og det blir ikkje like kaldt.

Prognosane tyder på at kulda kjem i starten og midten av neste veke, men med større uvisse fram mot neste helg.

Torsdag 2.mars 2023 kl.16 - Værbilde

Onsdag og fredag er det venta temperaturar mellom 10–13 ℃ i låglandet Østafjells ☀️ Kaldare vær er i vente frå og med helga. Greitt å huske på dersom ein allereie nå tenker det kan vere lurt å begynne å plante blomster, skriv meteorologane.

Grafikk: Meteorologisk institutt

Det blir mykje opphaldsvêr, men det kan også vere at det kjem litt snø på Sør- og Austlandet utover i neste veke.

– Men det er meir sikkert at det blir kaldt, enn at det blir snø, seier Granerød.

På Jæren er dei ikkje bekymra – enda. Gulrøtene og potetene står under plast.

– Plasten held på varmen i jorda, elles hadde det ikkje gått å så så tidleg, seier Stokkeland.

På Tromøya ved Arendal har dei og sådd gulrøter. Det same har dei gjort på Brunlanes i Vestfold.

– Det er vanleg at desse plassane er tidleg ute i tillegg til Jæren, seier fagleiar for grønsaker ved Norsk Landbruksrådgiving i Rogaland, Kari Aarekol,

Ho forklarer at både for gulrøter og poteter set dei frø i jorda. Dei klarer seg betre mot kulde enn planter.

– Eit par minus på natta betyr ikkje noko. Det klarer frøa. Men det hadde ikkje gått med kålplanter.

Såing av gulerøtter på Brusand på Jæren

På to dagar er det sådd gulrøter på 40 dekar på Jæren.

Foto: Asbjørn Stokkeland

På Randaberg sette Torleif Todnem potetene i jorda 18. februar.

– Vi satsar på at vi skal kunne hauste potetene 10. mai. Det klarte vi i fjor. Da var det rekordtidleg. Så vi håper på det same i år, seier Todnem.

Torleif Todnem

Torleif Todnem sette poteter 18. februar på Randaberg. Han trur de er klare til 10. mai trass i kulde i mars.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Du fryktar ikkje at det blir for kaldt på nettene?

– Erfaringa vi har, gjer er at vi sikre på at det skal gå heilt fint.

Stokkeland trur at sesongen i år blir veldig god, nå når dei er sikra straumstøtte ut 2024.

– Eg erklærer hermed våren på Jæren for opna!

Flere nyheter fra Rogaland