– Dette var veldig kjekt å vere med på. Det var knallgod stemning i salen. Eg fekk til tider gåsehud når dei støtta opp om oss. Bølgja og greier. Det var ikkje måte på.
Hilde Elvebakk er sjeldan glad og sprudlande for å nettopp ha vore med på eit tap. Men så var det også ein kamp ingen hadde venta 3. divisjonslaget skulle vinne.
- Les også:
– Vi blei ikkje knust
Berre at dei har kome seg til semifinalen i cupen er eit lite under. På vegen har dei slått Førde sitt eliteserielag og Blindheim sine kvinner i 1. divisjon.
I kveld stod knallsterke Randaberg – eliteserieleiarane – på andre sida av nettet. Det enda med tap 18-25, 21-25 og 14-25.
– Vi var veldig underdogs. Vi blei ikkje knust, men dei har god kontroll på oss. Likevel, vi har veldig godt mottak og godt samspel, så får vi til litt meir så har vi ein sjanse, seier Elvebakk.
Vennelaget gir ikkje opp finaledraumen
For dei får nemleg ein sjanse til. Neste helg går returkampen i Rogaland, og der må Tambarskjelvar vinne 3-0 i sett mot eliteserieleiaren. På bortebane.
– Vi går inn med den trua at vi kan klare det. Vi må finne på nokre lure triks, så vi kjem unna blokka deira. Dei er høge, og eit veldig sterkt blokklag. Rutinerte, trenar mykje og er fysisk sterke, forklarar Elvebakk.
Eit problem føre den kampen, eit problem dei har greidd å handtere i alle cupkampane denne hausten, er at laget ikkje får trene saman. I 3. divisjon spelar eit nesten reint juniorlag, og spelarane som er med i cupen er utflyttarar som bur og lever andre stader, men som samlast til cupkampar.
– Tre spelarar bur i Oslo og seks i Bergen. Vi har alle eliteserieerfaring, men er no eit vennelag som spelar berre for å ha det kjekt. Det gir oss mykje, seier Elvebakk.