Hopp til innhold

Fjerna brøytestikkene før snøkaos: – Det var heilt jævlig, enkelt og greitt

Etter kraftig snøfall måtte Mesta i dag sette opp att brøytestikker som var tekne ned før påske. – Dei har nok vore litt for optimistiske, seier Vegvesenet.

Brøytebil i grøfta i Nordfjord.

HAMNA I GRØFTA: Brøytesjåfør Håvard Willumsen var særs lite nøgd med at brøytestikkene var fjerna.

Foto: NRK-tipsar

– Entreprenøren vår har kanskje vore litt for optimistisk og trudd at våren var komen. Dei har teke vekk brøytestikker på strekningar der dei ikkje forventa snø, seier prosjektleiar Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen.

– Det var heilt jævlig, enkelt og greitt, seier brøytebilsjåfør Håvard Willumsen til Firda.

Han fekk store problem på det svært vanskelege føret tysdag. Han syner til det han har sagt til avisa.

– Brøytestikkene var fjerna, seier Willumsen om utforkøyringa.

Det var Firda Tidend som først melde om uhellet.

Folk frå Mesta set ned brøytestikker på nytt på E39 gjennom Breim.

E39: I dag var Mesta på vegane for å sette ut att brøytestikker, mellom anna her i Breim i Gloppen.

Foto: Eirik Johnsen / NRK

Ekstra utfordrande

Snøen har lava ned på Vestlandet og skapt kaos i trafikken. I dag har entreprenøren Mesta vore på vegane igjen for å sette ut att ein del av brøytestikkene som vart tekne inn før påske.

Dette gjeld mellom anna på dei mest krevjande strekka på E39 mellom Førde og Sandane og på ein del fylkesvegar i Nordfjord.

Karlsen seier dei har fått tilbakemelding frå entreprenørar om at vegstrekningar utan brøytestikker gjorde brøytejobben ekstra utfordrande i dag.

– Dei har sagt at dei har vore litt meir forsiktige og at dei ikkje kan leggje seg så langt ut som dei vanlegvis gjer.

Laster Twitter-innhold

– Ikkje optimalt

Kommunikasjonsrådgjevar Eskil Sand i Mesta seier dei hadde fjerna brøytestikkene langs nokre vegar der det erfaringsmessig ikkje kjem mykje snø så seint på vinteren.

No plasserer dei ut att brøytestikker der det trengst for å vareta trafikktryggleik og sikre effektiv brøyting.

– Når vi fekk så krevjande vêrforhold må vi innrømme at det ikkje var optimalt. Derfor tar vi grep og set opp igjen brøytestikker enkelte stader.

– Fristen for å ta ned brøytestikkene er 1. mai. Kvifor var dei tekne ned alt no?

– Ingen vinter er lik, men det er det er ikkje uvanleg å begynne på enkelte strekningar i starten av april når forholda tillèt det. I høgda og der vi veit det er behov står naturlegvis brøytestikkene lenger, opplyser Sand.

Har skjedd før

Avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen seier det har skjedd før at ein har måtta sende opp att brøytestikker, så seint som i mai.

– Det er litt uheldig at brøytestrikkane var tekne ned. Entreprenøren har ein frist til 1. mai så dei begynner gjerne litt tidleg på våren, men no ser vi at det kanskje var litt for tidleg i år.

Etter vintersesongen har Vegvesenet ein gjennomgang med entreprenør, då vil tidspunktet for å ta ned brøytestikker vere eit tema, seier Finden.